Pedagogisk personell
Me søkjer:
Pedagogisk personell i 70% viakriat ved Sandeid skule frå 01.08.2020 til 31.07.2021
Hovudarbeidsoppgåver
Fortrinnsvis pedagogisk personell med vidautdannng i spesialpedagogikk og erfaring med barn med spesielle behov. 1.-4. klasse
Kvalifikasjoner
Pedagogisk utdanning, erfaring frå begynneropplæringa og vidareutdanning i spesialpedagogikk. Erfaring med ASK og tegn til tale vil vera ein fordel.
Andre opplysninger
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege egenskaper
Strukturert, samarbeidsvillig og stå på vilje
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Om bedriften
Sandeid skule ligg i Vindafjord kommune. Skulen har elevar frå 1.-7. klasse og tel frå hausten 100 elevar. På skulen vår er det 18 ansatte fordelt på assistent/fagarbeidarar, merkantil og pedagogar. Me har eit kreativt, inkluderande og godt arbeidsmiljø prega av raushet, fleksibilitet og samarbeid."Vurdering for læring" og "Relasjonsbasert klasseleiing" er utviklingsarbeid skulen har jobba med i mange år. Gjennom god klasseleiing har me som mål å jobba tett på elevane slik at dei får eit godt og trygt læringsmiljø. Visjonen vår er "Me kan, me vil og me får det til".