Fyresdal kommune søker Prosjektleiar for Omstilling Fyresdal
Stillingsannonsen er inaktiv.Fyresdal Kommune
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
Fyresdal kommune blei i 2016 peika ut til å vere omstillingskommune som følgje av store tap i arbeidsplassar dei siste åra. Omstillingsstatusen blei i fyrste omgang gjeve for 3 år, men er nå forlenga med 3 nye år. Fyresdal kommune søker etter prosjektleiar for omstillingsprogrammet dei neste 3 åra. Stillinga er på 100 % og definert som ei prosjektstilling. Stillinga er underlagt rådmannen, men styreleiaren i prosjektet vil ha den daglege leiinga for prosjektleiaren. Det vil vere eit tett samarbeid mellom styret i prosjektet og rådmannen.
Sentrale arbeidsoppgåver:
• Vere ein aktiv innovasjons- og utviklingspådrivar.
• Leie og koordinere omstillings- og nyskapingsarbeidet i Fyresdal i samsvar med omstillingsplanen, og rapportere til omstillingsstyret og kommunestyret.
• Setje i gang og fylgje opp prioriterte prosjekt og satsingsområde.
• Vere ein inspirator og eit bindeledd mellom utviklingsaktørar og det offentlege støtteapparatet.
Kvalifikasjonar:
• Høgare utdanning frå høgskule- eller universitetsnivå.
• Erfaring frå prosjektleiing.
• Erfaring med økonomistyring og rapportering.
• Kunnskap om nærings- og samfunnsutvikling.
Vi ynskjer ein leiar som er:
• Resultat- og utviklingsorientert.
• Relasjonsbyggjar og sterk på kommunikasjon.
• Open, involverande og samarbeidsorientert.
• Strategisk og målretta.
• God på munnleg og skriftleg framstilling.
Det vil bli lagt betydeleg vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr ein utfordrande jobb i et innovativt arbeidsmiljø med menneske som byr på seg sjølv. Vi har stor takhøgde for sterke meiningar, glimt i auga, og har ein kvardag som stadig byr på spenstige overraskingar.
God pensjonsordning. Løn etter avtale.
Spørsmål om stillinga kan du rette til leiar av omstillingsstyret, Erik Skjervagen, på erik.skjervagen@fyresdal.kommune.no eller 950 36 172.
Søknadsfrist er 13.06.2020.
Vi ber om at det elektronsike søknadsskjemaet blir fylt ut komplett med både utdanning og praksis. Attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov.
Velkomen som søkar!
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fyresdal Kommune
Adresse
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
Hjemmeside
Facebook
Fyresdal kommune er ein liten, men handlekraftig og spenstig kommune i Vest-Telemark. Vi legg særleg vekt på gode bu- og etablerartilhøve, og har eit sterkt fokus på nytenking og utvikling.
Hovudmålsetjinga i kommuneplanen vår er:
Gjennom handlekraft, fleksibilitet og utradisjonelle løysingar skal Fyresdal vere ein framifrå stad å bu og virke.
Om stillingen
Stillingstittel
Prosjektleiar for Omstilling Fyresdal
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 14. juni 2020
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: dddd77a0-c25a-4984-9e75-3bd16217b87e
Stillingsnummer: dddd77a0-c25a-4984-9e75-3bd16217b87e