Ledige vikariat for sjukepleiar - Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering
Org. nr: - Stillingsident: 4093618976 Presentasjon av stillinga:
ANRR Sengepost - Avdeling for Nevrologi, revmatologi og rehabilitering har frå snarast ledig 2x100% vikariat for sjukepleiar. Begge stillingane er 1/2 års vikariat med mogeleg forlenging.
Avdelinga har god opplæring av nytilsette, internundervisning og mogelegheit for fagleg fordjupning.
For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er varierte og spennande
- Bidra i blant anna behandling og oppfølging av pasientar innagt med akutt hjerneslag og andre nevrologiske tilstandar
- Delta i tverrfaglig team omkring pasientar med koplekse problemstillingar og med behov for koordinerte tenester
Kvalifikasjonar
- Off.godkj, sjukepleiar,
- Praksis eller interesse for dei aktuelle fagområda.
Utdanningsretning
- Sykepleie
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
Personlege Eigenskapar
- Du må vere pasientorientert og ansvarsbevisst
- Du må vere løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
- Fleksibel og engasjert
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Høg arbeidsmoral
- Godt humør med ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Irene Hjorthol, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 974
Arbeidsstad
Førde
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Førde
Ref. nr.:4093618976
Stillingsbrøk: 200%
Vikariat heltid
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 18.06.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4093618976&company_id=57830506&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.