Kapellan i Nordre Sunnmøre prosti med Spjelkavik sokn som særleg tenestestad.
Org. nr: - Stillingsident: 4050612370 Presentasjon av stillinga:
Det er ledig stilling som kapellan i Spjelkavik sokn med Nordre Sunnmøre prosti som tenestedistrikt.
I fleire år har ein arbeidd med å bygge eigen kyrkjelyd i Hatlehol. Kapellanen vil ha sine oppgåver særleg knytt til vidare utvikling av gudstenestearbeid og kyrkjelydsbygging i der. I Hatlehol er det planlagt og prosjektert ny kyrkje, men kyrkjebygget er førebels ikkje ferdig finansiert. Gudstenestene vert haldne på Ålesund Folkehøgskule annakvar søndag i skuleåret. Desse blir i stor grad førebudd og gjennomført av uløna medarbeidarar saman med prest, organisert gjennom gudstenestegrupper. Fellesskapsgrupper for vaksne, søndagsskulegrupper og ungdomsgruppe er knytt til gudstenestefellesskapet.
Det er tre heile prestestillingar i soknet, i tillegg til ei 30% stilling som er delt med nabosoknet. Prestane koordinerer tenesta seg i mellom. I tillegg til sokneprest og 3 kapellanar, er det tilsett diakon, kateket, to medarbeidarar i trusopplæringa, kantor, organist i deltidsstilling, kyrkjetenar og dagleg leiar. Alle desse har arbeidet sitt i soknet og har kontor i Spjelkavik kyrkje. Det er nært samarbeid mellom prestane og dei tilsette i trusopplæringa.
Det er oppretta sørviskontor for dei 5 sokna i byen. Kontoret utfører ulike sekretæroppgåver for kyrkjelydane, fører kyrkjebøkene og legg administrativt til rette for dåp, konfirmasjon, vigsle og gravferd.
Gudstenester
Spjelkavik kyrkje er frå 1987 og inneheld kontor, møterom, heil sokkeletasje med møtesal, aktivitetsrom og kjøkken. Kyrkjelyden har eit omfattande og variert gudstenesteliv. Det er gudsteneste i Spjelkavik kyrkje kvar søn- og helgedag. Talet på forordna gudstenester er 103 for heile soknet. Av desse er 65 forordna i Spjelkavik kyrkje og 38 i komande Hatlehol sokn.
Kyrkjelyd
Det har lenge vore lagt vekt på gudstenestearbeidet i Spjelkavik. Kyrkjeleg årsstatistikk viser desse snittala for 2018: 95 gudstenester på sun- og heilagdagar, med gjennomsnitt frammøte på 174, totalt 167 gudstenester. Det var 93 dåp, 206 konfirmantar, 139 gravferder og 8 vigslar. Det låge talet på vigslar har samanheng med høgt tal på vigslar for kyrkja i nabosoknet. Det store fødselstalet og høgt tal på konfirmantar har ført til at trusopplæringa har fått stort fokus dei seinare åra. Trusopplæringsprogrammet for aldersgruppa 0 ¿ 17 år er utprøvd og godt innarbeidd. Kyrkjelyden har mange frivillige som bidrar mykje til gudstenestelivet og til det frivillige arbeidet i soknet, mange av desse har ei sentral rolle i kyrkjelydsbygginga i Hatlehol. Ein legg stor vekt på eit ope og tverfagleg samarbeid.
Ein kan lese meir om kyrkjelyden på www.kirken-aalesund.no
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.
Søkjarar som ikkje ønskjer namnet sitt offentleggjort, må grunngje dette, jf. Offentlegl
Arbeidsoppgåver
- Kapellanen skal i tråd med <> forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden.
- Kapellanen skal lede og koordinere eit omfattande frivillig kyrkjelydsarbeid i Hatlehol.
- Prestane i soknet deler gudstenester, kyrkjelege handlingar etter oppsett arbeidsplan og har godt innarbeidd tenesteturnus. Det vil så langt som råd er bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane.
- Alle prestane i prostiet går inn i beredskapsordning. Nynorsk er nytta i kyrkja.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, men du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
- Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
- Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd.
- Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste"(VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
- Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legg til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
- Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jr. Forskrift om tilsetting av menighetsprest § 6.
Utdanningsnivå
- Cand.theol - eksklusiv praktisk teologisk utdanning (før 2004)
- Cand.theol - profesjonsstudium teologi (etter 2004)
- Annen utdanning godkjent av Kirkerådet
Personlege Eigenskapar
- Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Søkjer må opplyse om han/ho meistrar begge målformer.
- For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
- Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagd.
Vi tilbyr
- løn etter hovudtariffavtalen i KA, stillingskode 0922 kapellan. Innskot i Statens pensjonskasse.
- godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
- gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
- ikkje tenestabustad, men arbeidsgjevar kan vere behjelpeleg med å finne bustad.
Kontaktinformasjon
Svein Runde, Prost, (+47) 911 14 095
Alice Elnes, Personalsjef, (+47) 959 01 091
Arbeidsstad
Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Den norske kirke, Møre bispedøme
Ref. nr.:4050612370
Stillingsbrøk: 100%
Heltid
Søknadsfrist: 20.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4050612370&company_id=325350169&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim og folketalet i kommunen er om lag 45 000. Byen er eit dynamisk regionsentrum for Sunnmøre. Næringslivet er forankra i maritime næringar, handel, offentlege arbeidsplassar og industri. Byen har godt utbygd skuletilbod og har høgskule som veks og som har god kontakt med næringane i regionen. Byen er av dei finaste og mest særprega i landet og tar imot eit aukande tal med turistar.
I Moa-området, der Spjelkavik kyrkje ligg, finn ein eit av dei største butikksentra i landet og området har stor konsentrasjon av handel og industri. I soknet ligg Ålesund sjukehus, seks grunnskular, to vidaregåande skular, ein folkehøgskule og ein privat kristen ungdomsskule. Moa har utvikla seg til å bli eit trafikknutepunkt og hovudferdselsåra sør/nord på Vestlandet og austover går midt gjennom soknet. Vigra lufthamn ligg berre ein halv time unna og har flysamband til resten av Norge og til utlandet. Sjå www.alesund.kommune.no for fleire opplysningar.
Spjelkavik sokn er det største av 5 sokn i Ålesund. Soknekyrkja ligg sentralt til på Moa og soknet dekkjer indre bydel. Det bur 18 000 menneske tilhøyrande DNK i soknet, og det er sett i gang arbeid med å dele soknet slik at dei austlege delane blir skilt ut i eit eige sokn (Hatlehol). Prostiet omfattar kommunane Ålesund, Giske, Haram og Sula, men kommunesamanslåinga kan medføre endringar. Det bur om lag 57 000 medlemmer av DNK innanfor prostiet. Folketalet i soknet og i prostiet er veksande.