Prosessrettleiar (50% vikariat)
Stillingsannonsen er inaktiv.NAV Region Sunnfjord, Førde
Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Org. nr: - Stillingsident: 4285926934 Presentasjon av stillingen:
NAV Vestland er organisert i ni regionar der kvar av desse er fagleg sjølvstendige. Region Sunnfjord bestårav NAV kontora i kommunane Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. Sunnfjord kommune har 22 000 innbyggarar og NAV-kontoret i Sunnfjord kommune er regionkontor for NAV region Sunnfjord med omlag 50 tilsette. Kontoret er organisert i fire avdelingar med eigen avdelingsleiar.
Vi har no ledig stilling som vikariat som prosessrettleiar i 50% stilling frå 01.10.20 til 31.12.21 med mulighet for forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Særskilt ansvar for å være pådrivar for Lean i regionen
- Rådgivar til regionleiar i både utviklings- og endringsprosessar
- Planlegge, koordinere og gjennomføre forbetrings- utviklingsarbeid i regionen
- Koordinere og støtte i innføring av nye arbeidsmetodar og arbeidsverktøy, samt i arbeid med kompetansetiltak i regionen
- Støtte prosjektleiar i gjennomføring av utviklingsprosjekt i regionen
- Delta aktivt i etableringa av regionen som ei fleirfagleg eining
- Samarbeid med dei andre prosessrettleiarane og yte bistand på tvers av regionane om naudsynt
Ansvars og arbeidsoppgåver vil bli vidareutvikla i dialog med NAV fylkeskontor Vestland.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Utdanning minimum på bachelor nivå frå høgskule eller universitet. Særleg relevant erfaring kan kompensere for deler av utdanningskravet.
- Erfaring med gjennomføring og deltaking i forbetringsprosessar
Du bør ha:
- Erfaring frå arbeid med Lean som metode for å utvikla og forbetra organisasjonen
- God kunnskap om, og gjerne erfaring frå NAV
Personlege eigenskaper
Vi ser etter deg som har eit sterkt engasjement for samfunnsoppdraget til NAV, og som:
- kan arbeide målretta og strukturert
- er ein lagspelar som medverkar til gode resultat
- er god til å formidle skriftleg og munnleg og trivast med å stå framfor små og store forsamlingar
- har god evne til sjølvstendig arbeid og til å ta initiativ
- får energi av endring og utvikling
Vi tilbyr
- Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
- Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
- Tilsetting i stilling som prosessrettleiar i stillingskode 1434 rådgjevar med lønsspenn frå kr.513 600 til 573 100 per år. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2%)
Kontaktinformasjon
Magne Kjetil Berg, Leiar NAV Sunnfjord, 99241911, magne.kjetil.berg@nav.no
Arbeidsstad
Hafstadvegen 42
6800 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:NAV
Referansenr.:4285926934
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 15.09.2020
Sluttdato: 31.12.2021
Søknadsfrist: 27.09.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
NAV Region Sunnfjord, Førde
Adresse
Langebruvegen 19, 6800 Førde
NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Noregs befolkning. Vi har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske mogelegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.
NAV er ein inkluderande arbeidsplass som er prega av mangfald. Vi ynskjer at alle kvalifiserte kandidatar søkjar jobb hos oss. Vi legg til rette for arbeidstilhøva om du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrar vi personar med nedsett funksjonsevne og/eller "hol i CV" om å søkje jobb hos oss. Dei er ein verdifull arbeidskraftressurs som NAV treng. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om tilsetjing av søkjar med nedsett funksjonsevne/”hol i CV” kan bli brukt i statistikken til regjeringa si inkluderingsdugnad.
CV blir nytta til ei utvida søkjarliste. Du må grunngje om du ynskjer å bli fjerna frå offentleg søkjarliste. Sjå feltet for spesiell vurdering under utfylling av CV. Opplysingar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført i søkjarlista. Du vil bli varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
NAVstilling
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
15. september 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 19. oktober 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4285926934_NAV Region Sunnfjord, Førde_webcruiter
Stillingsnummer: dd35a006-a1a7-42ec-9396-59dc758ee997