Smoltoperatør
Smoltoperatør
Om stillinga:
Ser du for deg ei framtid i ei spennande næring i sterk utvikling? Ønskjer du å jobbe i ei pionérbedrift med gründerånd, flat struktur og triveleg arbeidsmiljø? Vil du jobbe på eit unikt og moderne storsmoltanlegg? Har du erfaring frå akvakultur, eller anna teknisk/praktisk erfaring? Då vil vi gjerne ha deg med i vårt team.
Som vår smoltoperatør vil du:
- arbeide på eit unikt og moderne storsmoltanlegg på land
- produsere kvalitetsmolt til Steinvik Fiskefarm og kundar i heile Noreg
- handtere, fôre og sjå etter fisken - sørge for at den har det bra
- bruke og vedlikehalde teknisk og maskinelt utstyr og anlegg
- ha tett dialog med leiinga
- jobbe individuelt og i team med andre settefiskoperatørar
- følgje våre HMS-rutinar og internkontroll
- rapportere og handtere avvik i produksjonen
- gå inn i vaktordning kvar 4. veke og kvar 4. helg
- vere tilsett i Steinvik Settefisk, men du vil arbeide og få opplæring i Barlindbotn Settefisk fram til det nye storsmoltanlegget er klart ca. 01.02.2021
Som person er du:
- motivert av berekraftig matproduksjon
- handlekraftig og sjølvstendig, men også ein lagspelar
- ryddig og påpasseleg med hygiene (sidan ein jobbar med levande individ)
- ikkje redd for å rapportere avvik eller føreslå forbetringar i produksjonen
- nøyaktig og observant på endringar i åtferda til fisken
- klar for å løyse krevande utfordringar
- bidragsytar til eit godt og sikkert arbeidsmiljø
- flink til å ta ansvar for eiga rolle og oppgåver
- villig til å lære ny kunnskap om fag og fisk
- interessert i å ta i bruk nye verktøy
- omsynsfull overfor medarbeidarar, fisk og miljø
Desse kvalifikasjonane ser vi etter:
- Fagbrev/utdanning og/eller erfaring innan akvakultur er ein fordel, men anna teknisk eller praktisk erfaring kan vere aktuelt då vi vil gje grundig opplæring
- Erfaring og/eller fagbrev innan mekanikar/elektrikar/røyrleggar-fag er også aktuelt
- Førarkort (klasse B)
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Vi kan tilby:
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver og utfordringar, i team og individuelt
- Moglegheit for opplæring, og fagleg og personleg utvikling
- Tett dialog med leiinga
- Gode velferdsordningar
- Nytt og moderne utstyr og gode fasilitetar
- Arbeidsplass i Svelgen (Bremanger kommune)
Vi har sterk lokal forankring og du må vere villig til å bu i Svelgen-området.
Alternativt kan du vere stasjonert på anlegget i Svelgen kvar fjerde veke og kvar fjerde helg når du har vaktansvar. Dette fordi du må vere nær anlegget om alarmen går. Vi har fasilitetar du kan bu i.
Oppmøte og arbeidsplass er på Barlindbotn Settefisk (Eikefjord) fram til planlagt oppstart i Svelgen 01.02.2021.
For meir informasjon om stillinga, kontakt dagleg leiar for Barlindbotn Settefisk og Steinvik Settefisk, Reidar Haugen, på mobil: 957 57 810.
Send søknad og CV til: jobb@steinvik.no innan 20. mars, 2020.
Vi gler oss til å høyre frå deg.
Om bedriften
Vi er ikkje størst, men vi er uredd. Vi er ei lokalt forankra familiebedrift med globalt fotavtrykk. Derfor investerer vi i ny teknologi, i nærmiljøet, i bransjesamarbeid, og i menneska som kan hjelpe oss med morgondagens utfordringar. Slik lagar vi 30 millionar berekraftige laksemåltid årleg til kundar i heile verda.
Starten var i 1986 då Steinvik fekk sin fyrste konsesjon i sjø. I dag har vi 9 matfisklokalitetar, settefiskanlegg og rensefiskanlegg i naturskjønne Kinn, Bremanger og Askvoll – i nærleiken av byane Førde og Florø i Vestland.
Steinvik-gruppa har sterk gründerånd og har vore med på å starte opp dykkarselskapet Aquadykk, eksportselskapet Seaborn, utstyrsleverandøren Havsterk og driftfellesskapet Godfisken. Vi er òg medlem i Salmon Group.
Vi satsar på ny teknologi og går no inn i ein spennande periode med bygging av eit topp-moderne gjennomstrømmingsanlegg. Eit unikt anlegg som skal huse rensefisk og storsmolt. Vi søker nye medarbeidarar som vil satse i lag med oss.
Les om prosjektet her: https://fiskeribladet.no/tekfisk/nyheter/?artikkel=70646