Koordinator for arbeid med rus i helse og omsorg
Org.nr.:864968422 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Til ei nyoppretta fast stilling som ruskoordinator i Fjaler kommune, ser vi no etter ein tilsett som kan bygge opp og koordinere tenestene våre i rusomsorga. Vi søkjer ein engasjert og raus person, som i møte med den som treng tenestene har salutogenese og empowerment i fokus.
Vår nye ruskoordinator ser moglegheiter i staden for avgrensningar i arbeidet sitt. Tenkjer du at dette kan vere den rette moglegheita for deg? Då håper vi at du vil sende oss ein søknad.
Som ruskoordinator hos oss vil du vere ein del av avdeling for psykisk helse, og jobbe tett saman med dei andre helsetenestene. Du vil få jobbe med både koordinering av tenestene og direkte mot brukarane våre. I praksis vil du jobbe 60 % som ruskoordinator og dei resterande 40 % innan psykisk helsearbeid. Du vil i turnus primært ha dagvakter med maksimalt ei seinvakt i veka. I tillegg kjem arbeid kvar 4 helg på dagtid.
Vi er klare for å ta i mot vår nye ruskoordinator frå midten av august, og håper på oppstart seinast i løpet av september.
Har du spørsmål om stillinga må du gjerne ta kontakt.
Arbeidsoppgåver
- Vere aktivt oppsøkande og arbeide direkte mot personar som treng tenestene
- Utarbeide samarbeidslinjer og prosedyrar for Fjaler kommune sitt rusarbeid
- Jobbe tverrfagleg i samarbeid med andre tenester som oppvekst, helse -- og sosialtenesta, politi m.m.
- Samarbeide med spesialisthelsetenesta gjennom pakkeforløp for psykisk helse og rus
Kvalifikasjonar
- Minimum 3 årig helse- og sosialfagleg utdanning
- Ynskje om vidareutdanning innan rus og/eller erfaring innan rusarbeid
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Engasjert
- Raus
- Strukturert
- God på samarbeid
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og arbeidsvilkår
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og hyggelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Heidi Roos, Tlf: +47 57738120, Epost: heidi.roos@fjaler.kommune.no
Om bedriften
Fjaler kommune har om lag 2850 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.
Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod.
UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.