Lærarar
Org. nr: - Stillingsident: 4192518993 Presentasjon av stillingen:
For skuleåret 2020/21 vil det være ledig inntil 3 x 100 % stillinger, vikariat med moglegheit for fast stilling.
Hessa skole er ein fulldelt barneskule med ca. 360 elevar heilt vest i Ålesund kommune.
Skulen ligg flott til mellom fjord og fjell - berre 5 minutter frå sentrum.
Skulen sine satsningsområder er alternative læringsarenaer, digitale ferdigheiter,
lese- og skriveopplæring og kreativitet i alle fag. Vi har eige skulenaust med
mykje utstyr, eige aktivitetshus for kunst & handverk, alle klasserom har
digitale tavler og alle elevar på skulen har eige læringsbrett.
På Hessa skole er det rom for personleg og fagleg utvikling -- både
for elevar og tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag på 1. - 7. trinn
- Teamsamarbeid
- Arbeid med fagfornying og pedagogisk utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter lærarar som kan være timelærarar/kontaktlærarar i skuleåret 2020/21.
Primært ønskjer vi lærarar med adjunktutdannelse og erfaring fra barneskulen. Det er også ønskjeleg med eit eller fleire fag i fagkretsen av følgande fag: norsk leseopplæring, matematikk, naturfag og/eller musikk. Vi legg og vekt på at kandidatane har god Profesjonfagleg digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer positive, samarbeidsorienterte, engasjerte og fagleg dyktige kollegaer.
- Det vert lagt vekt på at kandidatar er skikka for stillinga ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Givande arbeid i eit godt arbeidsmiljø.
- Medlemskap i SPK Pensjonsordning.
- Lønn etter hovedtariffavtalens fastsetjing.
- Mogligheit for fast tilsetting.
Kontaktinformasjon
Tore Huse, Verksemdsleiar/Rektor, 70 16 34 61
Arbeidsstad
Ytre Hessen 7
6006 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Ålesund kommune
Referansenr.:4192518993
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.