Overstyrmann i sambandet Kvanne-Rykkjem, p.t. MF Stangvikfjord
Stillingsannonsen er inaktiv.Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 ASA
Primær Fylkesveg 670 810, 6640 Kvanne
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig ei spennande stilling som overstyrmann i sambandet Kvanne - Rykkjem, på vår flotte el-ferje MF Stangvikfjord.
Skiftordning: Døgnvakt - 2 veker på og 2 veker av.
Fjord1 disponerar leiligheit på Kvanne som gjer overnattingsmoglegheit i arbeidsperioden.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Ta om bord/i land bilar og passasjerar ved behov
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt
Kvalifikasjonar
- Minimum D3
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Fleksibel
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: Døgnvakt 2 veker på og 2 veker av
Kontaktinformasjon
Terje Stub, Bemanningskoordinator, 91623225Arbeidsstad
Primær Fylkesveg 670 8106640 Kvanne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fjord1 ASReferansenr.:4534770759
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 ASA
Adresse
Strandavegen 15, 6905 Florø
Hjemmeside
www.fjord1.no
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Om stillingen
Stillingstittel
Overstyrmann i sambandet Kvanne-Rykkjem, p.t. MF Stangvikfjord
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Privat
Arbeidstidsordning
Turnus
Sist endret: 29. juni 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: c9b0b19d71664a828ef44edfa9345904
Stillingsnummer: dc798045-b69d-48d4-8175-7bb2dade52da