Undervisningsstillingar frå 01.08.2021
Stillingsannonsen er inaktiv.Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Org. nr: - Stillingsident: 4343866806 Presentasjon av stillingen:
Giske kommune søkjer lærarar til ledige undervisningsstillinger frå 01.08.2021.
Alle skulane har ledige stillingar frå hausten 2021, dette gjeld både faste stillingar og vikariat.
Tal på ledige stillingar kan endre seg undervegs.
Kompetansebehov er:
Begynneropplæring, spesialpedagogikk, grunnleggjande/særskild norskopplæring, teiknspråk, spesialpedagogikk og naturfag
Skulane i Giske kommune :
Giske ungdomsskule:
Frå hausten 2021 skal alle ungdomsskulelevane samlast i nye Giske ungdomsskule. Skulen vert lokalisert på Valderøya med om lag 365 elevar. Det vert 4 klasse på 8. og 10. trinn og 6 klasser på 9.trinn.
Rektor Nina Rødland Rabben, tlf. 473 71 12
Godøy skule er frå oppstart på skuleåret 2021 ein 1-7 skule, lokalisert på Godøya, med 129 elevar og omlag 35 barn i SFO.
Rektor Oddfrid Reinlund, tlf. 480 23 464
Vigra skule er ein 1-7 skule med i underkant av 200 elevar og med ca 60 barn i SFO.
Rektor Karianne Farstad tlf. 417 02 309
Valderøy barneskule er ein 1 - 7 skule med 430 elevar organisert i tre team.
Rektor Terje Austnes, tlf 907 87 060
Giske skule er ein 1-7 skule med i underkant av 85 elevar og med omlag 25 barn i SFO.
Rektor Gry Støbakk Ytterland, tlf. 926 52 950
Alle skulane er fulldigitalisert med nettbrett 1:1
For alle stillingane gjeld:
- Dei fleste stillingane inneber kontaktlæraransvar.
- Det er krav om gyldig politiattest.
- Administrasjons- og undervisningsmålet er nynorsk.
- I tillegg til formell utdanning og praksis blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at du elles er skikka for stillinga.
VIKTIG !
I søknaden må du gi opp informasjon om:
- Kva skule søkjer du til - oppgi eventuell prioritering mellom skulane.
- Kva grunnutdanning har du? (Allmennlærarutdanning 1-7? Allmennlærarutdanning 5-10? Førskuleutdanning m/evu?)
- Kva fag har du - og kor mange vekttal/studiepoeng i kvart fag?
- Kor mange år har du jobba som lærar?
Kvalifikasjonar
Vi søkjer allmennlærarar / faglærarar / spedialpedagogar som:
- har gode evner i klasseleiing og relasjonsbygging
- har god digital kompetanse - erfaring i bruk av digitale verktøy i undervisninga vert vektlagt
- er interessert i og har evne og vilje til nytenking og utvikling
- har engasjement, løysingsvilje og evne til fleksibilitet
- er gode på samarbeid
- har gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg
Kontaktinformasjon
Karianne Oline Farstad, einingsleiar / rektor, 41702309
Gry Støbakk Ytterland, einingsleiar / rektor, 926 52 950
Oddfrid Reinlund, einingsleiar / rektor, 480 23 464
Nina Rødland Rabben, einingsleiar / rektor, 47 37 11 21
Terje Austnes, einingsleiar / rektor, 90 78 70 60
Arbeidsstad
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Giske kommune
Referansenr.:4343866806
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 09.03.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Giske kommune
Adresse
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.
Om stillingen
Antall stillinger
25
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 9. mars 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4343866806_Giske kommune_webcruiter
Stillingsnummer: dc69f332-c3f1-4d7e-ba91-0bc745757887