Kulturskulelærar - undervisningsstilling i treblåseinstrument i skulekorps
Stillingsannonsen er inaktiv.Alver kommune Kulturskule
5914 Isdalstø
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Kulturskulen Presentasjon av stillingen :
Avdeling
Kulturskulen i Alver er ein svært viktig del av kulturlivet i kommunen. Kulturskulen tilbyr undervisning innan kunstformane musikk, teater, dans og visuell kunst. Undervisninga er desentralisert, men med hovudvekt av undervisninga på kulturskulesentra på Manger, Frekhaug og i Knarvik.
Kort om stillinga
Frå 01.08.2020 til 08.02.2021 er det følgjande undervisningsstilling ledig i Alver kulturskule: Vikariat 20% - Treblåspedagog i stillingsressurs selt til skulekorps
Undervisningsdag: etter avtale (kan gjerne kombinerast med tilsvarande stilling i Alver kulturskule)
Stad: Sagstad skule
Han/ho som får tilbod om stillinga vert tilsett i Alver kommune, med tenestestad Alver kulturskule. Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast. Han/ho som blir tilsett har ôg plikt til oppmøte på stabs- og planleggingsmøta i kulturskulen som ein del av stillinga, talet møte vert rekna ut etter stillingsstorleik.
Søkjar må levere gyldig politiattest.
Arbeidsoppgåver
- Gruppe- og einskildundervisning (t.d. aspirantundervisning) av korpsmusikantar på treblåsinstrument.
- Tett samarbeid med skulekorpsstyret og foreldregruppa.
- Tilrettelegging og utarbeiding av planar, møteverksemd og samarbeid.
- Samarbeid med kulturskulen og lokalt lagsliv.
- Undervisninga finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag, undervisningstimeplan vert avtale med skulekorpset.
Ønska kompetanse
Relevant kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning og relevant erfaring. Søkjarar med relevant erfaring, men utan formell kompetanse, kan og søkje.
Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt.
Vi tilbyr
Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
Søknad
Send søknad sendt via heimesida vår . Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknaden, kontakt personalavdelinga. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Glenn Sørskår, Mobil 462 99 332, Epost: glenn.sorkar@alver.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Alver kommune Kulturskule
Adresse
Kvernhusmyrane 43, 5914 Isdalstø
Kulturtenesta i Alver er organisert i fire avdelingar med til saman kring 90 tilsette, og leverer tenester innan kulturskule, bibliotek, idrett, ungdomsklubbar, musikk, kulturvern, friluftsliv, scene, kulturbygg og frivilligsentralar. Kulturtenesta sine tenester er desentraliserte, men har sentraladministrasjon i Knarvik.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 4. juni 2020
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2513307dep194807_Alver kommune Kulturskule_stepstone
Stillingsnummer: dc1b0b13-3a56-4d3f-91da-b40345543159