ID 1629 Barnehagelærar -- Vikarpool (Litlabø skule)
Ved vikarpoolen er det ledig 100% stilling som barnehagelærar i tidsrommet 01.10.20(snarast) -- 31.12.20. Vikariatet kan verta forlenga Det vart oppretta ein felles vikarpool for kommunale barnehagar og grunnskular i Stord kommune 01.08.2017. Vikarpoolen vert drifta av Litlabø skule (koordinator). Som tilsett i vikarpoolen skal ein dekka vikariat i kommunale barnehagar og grunnskular i Stord. Ein skal primært dekka fråvær som er over 14 dagar, og opp til 6 månader.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Leie det daglege arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av kvart enkelt born og gruppe av born.
- Leie det daglege arbeidet med å skape eit trygt og utviklande miljø for kvart enkelt born og gruppe av born.
- Ha det pedagogiske ansvaret på avdelinga/i barnehagen
- Bidra til å skape eit godt leike- og læringsmiljø for born og tilsette
- Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med borna
Kvalifikasjonskrav :
- Utdanna barnehagelærar/førskulelærar
Me kan tilby:
- Løn etter avtale
- God pensjons- og forsikringsordning
- Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Pensjon i KLP
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson : Kesia T. S. Palmer, mobil 926 46 805
Søknadsfrist : 30.09.2020