Tilkallingsvikarar for teststasjonane i Giske kommune
Org. nr: 964 980 721 Stillingsident: 4402352594 Presentasjon av stillingen:
Giske kommune søkjer etter tilkallingsvikarar ved Avdeling smittevern. Avdeling smittevern har ansvar for mellom anna lokal teststasjon og teststasjonen ved Ålesund lufthavn Vigra. Tilsette ved teststasjonane utfører registrering og testing for Covid-19, ved arbeid på flyplassen er det også behov for vakthald med koordinerande arbeid for transport vidare til karantenehotell. Arbeidet ved lokal teststasjon er på dagtid, ved flyplassen vil arbeidstida variere ut frå når det er ankomst av utanlandsfly.
Ingen formell utdanning er påkrevd, men helsefagleg bakgrunn er ønskeleg. Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for arbeidet.
Tilsetjing vert gjort fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåvene vil vere knytt til drift av teststasjonane, som registrering og testing
- Utføring av prosedyra testing for Covid-19
- Handtering og veiledning av passasjerar i ankomsthallen
- Halde seg oppdatert på lover og reglar for innreise til Norge
Kvalifikasjonar
- Ingen formell utdanning er påkrevd, helsefagleg bakgrunn er ønskeleg.
- God digital kompetanse
- God norskkunnskap og gjerne andre språkkunnskaper
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel og evne til rask omstilling.
- Vilje til å påta seg nye oppgåver
- Godt humør
- Gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Godt kollegium som har fokus på fleksibilitet og samarbeid
- Lønn og tilsetting på vanleg kommunale vilkår
Kontaktinformasjon
Sofie Katrin Holmeset, avdelingsleiar, 41702307
Arbeidsstad
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Giske kommune
Referansenr.:4402352594
Stillingsprosent: 0%
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.