Lærarar
Org. nr: - Stillingsident: 4191771621 Presentasjon av stillingen:
Skolen har ledig fleire faste lærarstillingar i 100 % stilling med oppstart til hausten.
Det er ledige stillingar både på 1.-4. trinn og 5.-7. trinn. Nokre av stillingane er tillagt kontaktlærarfunksjon. Stillingane skal dekke opp undervisning både i klasser, mindre grupper og ein til ein undervisning. Ei av stillingane vil ha tillagt funksjon som spes.ped.-ansvarleg.
Stokke og Vik skole ligg på Ellingsøy og har to lokalitetar med 4 km mellom avdelingane. Skolane ligg flott til med gode uteområde tilrettelagt for praktiske aktiviteter både i friminutt og undervisning. På avdeling Stokke skole er det frå hausten av ca. 80 elevar i 1.- 4. klasse og ca. 50 elevar i SFO. På avdeling Vik skole vil det være ca. 50 elevar i 5. - 7. klasse.
Arbeidsoppgåver
Lærarstillingar med kontaktlærarfunksjon:
- Kontaktlærar med hovudansvar for ei klasse og kontakten med heimane.
- Undervisning i dei fleste fag på trinnet.
- Teamsamarbeid.
- Arbeid med pedagogisk utviklingsarbeid og implementering av fagfornyinga.
- Arbeid med å vidareutvikle skolen sin bruk av digitale verktøy i undervisninga.
Lærarstillingar:
- Undervisning i ulike fag. 1.-4. trinn eller 5.-7. trinn.
- Teamsamarbeid.
- Arbeid med pedagogisk utviklingsarbeid og implementering av fagfornyinga.
- Arbeid med å vidareutvikle skolen sin bruk av digitale verktøy i undervisninga.
Kvalifikasjonar
- Allmennlærar/adjunkt/lektor
- Matematikk, norsk og engelsk i fagkrinsen.
- Spesialpedagogisk kompetanse (til minst ei av stilli ngane).
- Undervisningsretta digital kompetanse (til minst ei av stillingane).
Personlege eigenskapar
- Initiativrik.
- Strukturert.
- Tydeleg klasseleiar.
- God relasjonskompetanse.
- Likar å samarbeide i team og bidra til å vidareutvikle læringsmiljøet.
- Er løysings- og utviklingsorientert.
- Interesse for praktisk undervisning og bruk av naturen i undervisninga.
- Personleg eigna for arbeidet.
Vi tilbyr
- Givande arbeidsoppgåver i et godt arbeidsmiljø.
- Moglegheiter for vidareutdanning i prioriterte fag.
- Løn etter kvalifikasjonar.
Kontaktinformasjon
Bjørn Arne Sørheim, Verksemdsleiar/Rektor
Arbeidsstad
Årsetvegen 5
6057 Ellingsøy
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Ålesund kommune
Referansenr.:4191771621
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 10.08.2020
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.