Ungdomsarbeidar - 50 % vikariat
Org. nr: 961382157 Stillingsident: 4346482681 Presentasjon av stillingen:
Vestre Slidre er ein god stad å vekse opp, og du kan få bidra til å skape gode opplevingar og minner for barn og unge i kommunen. Vi har eit sterkt fokus på kva for positiv gevinst det har å vekse opp med nærleik til store friluftsområde, ha gode møteplassar som Ungdomsklubben Løftet, og varierte aktivitetstilbod mellom anna på Brennabu leirskule eller Joker space i Ryfoss.
Stillinga er ledig omgåande, og vikariatet går ut 31.12.21. Snarleg tiltreding vil vere ynskjeleg.
Arbeidsoppgåver
- Igangsetjar, pådrivar og aktiv deltakar i aktivitetar for barn og unge
- Hovudansvar ungdomsklubben "Løftet"
- Medansvar for "BUA"
- Tett samarbeid med Vestre Slidre skule , Frivilligsentralen og Kulturskulen
- Søke/rapportere/følge opp ulike økonomiske støtteordninger/prosjekt
Hovudelen av arbeidet er lagt til ettermiddags/kvelds- og helgearbeid, og ev. arbeid i skulens feriar - etter avtale.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne - og ungdomsarbeider/helsefagarbeider eller relevant høgskuleutdanning
- Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge
- Kompetanse og interesse for digital kommunikasjon
- Erfaring fra sjølvvstendig arbeid
Personlege eigenskapar
- Er ein fleksibel, aktiv og spanande vaksen
- Er kreativ og har gode samarbeidsevner
- Kommuniserer godt med ungdom
- Er god på å organisere og engasjere
- Trivs ute
- Eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit positivt og stabilt arbeidsmiljø
- Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av
gjeldande lover, reglement og tariffavtalar - Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Gunhild Røyne, Kommunalsjef oppvekst og kultur, 95149595, gunhild.royne@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidssted
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vestre Slidre kommune
Referansenr.:4346482681
Stillingsprosent: 50%
Fast
Sluttdato: 31.12.2021
Søknadsfrist: 07.03.2021
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 464 km2 stor og har omlag 2 200 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.