Vil du ha sommarjobb på Sunnhordland museum?
Sunnhordlands museum søkjer deg som kunne tenkja deg ein spennande sommarjobb på ein av våre lokalitetar i sommar. Vi treng museumsvertar på Sunnhordlandstunet på Stord, Sæbøtunet Etne og museumsvertar og skjøtselsmedarbeidar på Halsnøy kloster i Kvinnherad.
Sunnhordlandstunet på Leirvik
Sunnhordlandstunet er eit museumstun med kulturhistoriske bygningar frå heile Sunnhordland som ligg på Leirvik/ Stord. Tunet er ope 6 dagar i veka gjennom sommarsesongen. Her tilbyr vi guida omvisningar på tunet og i utstillingar, escaperoom og familieaktivitetar gjennom heile sommaren.
Halsnøy Kloster i Kvinnherad
Halsnøy Kloster ligg i Kvinnherad og er ope 6 dagar i veka gjennom sommarsesongen. Her er det guida omvisingar på tunet, utstillingar, familieaktivitetar og arrangement gjennom sommaren.
Sæbøtunet i Etne
Sæbøtunet ligg i Etne sentrum og er ope 2 dagar i veka gjennom sommarsesongen. Her tilbyr vi guida omvising, utstilling, arrangement og aktivitet gjennom sommarsesongen.
For sommarsesongen 2023 søkjer vi etter:
Museumsvertar til Sunnhordlandstunet, Halsnøy Kloster og Sæbøtunet.
Som museumsvert tilbyr vi ein variert arbeidsdag med oppgåver som inneber mottak og guiding av besøkande, spelvert i escaperommet (Gjeld Sunnhordlandstunet), drift av kafé og butikk, daglege driftsoppgåver, reinhald og førefallande arbeid.
Vi søkjer etter deg som er motivert, brenn for formidling, er allsidig og glad i å møta menneske. Du er helst over 18 år, snakkar engelsk og gjerne tysk. Du er gjerne i gang med relevant utdanning og du likar å kommunisera med menneske.
Skjøtselsmedarbeidar til Halsnøy kloster
Som skjøtselsmedarbeidar får du oppgåver i hageanlegget og førefalland driftsoppgåver som maling, rydding, vasking m.m. Stillinga kan kombinerast med jobb som museumsvert.
Vi søkjer deg som er positiv, sjølvgåande, tek ansvar og har erfaring frå tilsvarande arbeid. Stillinga kan kombinerast med arbeid som guide/museumsmedarbeidar.
Høyrest dette spennande ut?
Send oss ein søknad og CV til post@sunnhordland.museum.noinnan++01.03.2023++
Det må gå fram av søknaden kva stilling du søkjer på, om det er aktuelt å kombinere stillingar og om det er periodar i løpet av sommaren du ikkje kan arbeide.
For spørsmål om stillingane ta kontakt:
Sunnhordlandstunet: Charlotte Tvedte tlf 970 67 1 36
Halsnøy kloster: Helen Petersen tlf: 481 30 020
Sæbøtunet: Solveig Sørheim tlf: 402 86 871
Om bedriften
Sunnhordland Museum er regionalt ansvarsmuseum for alle dei åtte kommunane i Sunnhordland. Museet dokumenterer regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Museet skal fremja interesse for kunnskap om fortida, og stimulera både innbyggarar og besøkande si interesse for regionhistoria. Sunnhordland museum forvaltar nær 50 antikvariske bygningar, ei stor gjenstandssamling, samt foto- og privatarkivsamlingar. Museet arbeider med mange historiske fagfelt som strekkjer seg frå mellomalderen på Halsnøy kloster, via den tradisjonelle fiskar- og bondekulturen og tidleg industrialisering ved båtbygging, gruvedrift og hermetikkindustri, fram til dagens moderne skips- og petroleumsindustri.