Sommarjobb for jusstudentar
Stillingsannonsen er inaktiv.Brønnøysundregistrene
Havnegata 48, 8910 Brønnøysund
Jobbnorge ID: 182431
Om stillinga
Er du jusstudent og har fullført det tredje studieåret? Vi har to spennande sommarjobbar !
Brønnøysundregistera har ansvaret for 18 nasjonale register med oppgåver innan blant anna selskapsrett, panterett og ektepakt. Hos oss vil du få ta del i eit stort juridisk fagmiljø, du får innsikt i juridisk saksbehandling, jobbe saman med andre juristar og du får god opplæring innan fagområda. Skriv gjerne noko om kva som er interesseområdet ditt.
Arbeidsoppgåver
- saksbehandling
- intern og ekstern juridisk rådgiving innan fagområda til avdelinga
Kvalifikasjonar
- du bør ha fullført det tredje studieåret
Personlege eigenskapar
- du må vere nøyaktig, kunne jobbe sjølvstendig og like å samarbeide med andre.
Vi tilbyr
Eit arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman.
Vi kan hjelpe til med å skaffe bustad under opphaldet for søkjarar utanfrå nærområdet. Husleige og reiseutgifter tur/retur mellom studiestad og Brønnøysund blir dekte av oss. Dette er skattepliktig inntekt.
Stillinga varar i 4-8 veker, helst i perioden 22.06-16.08.2020. Stillinga er lønna med etterskots timelønn som fullmektig (kroner 161,60 pr. time). Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse frå lønna di. Arbeidstida er måndag-fredag kl. 0800-1500.
Generelt
Brønnøysund er ein hyggeleg liten kystby med korte avstandar til jobb, fritids- og servicetilbod. For deg som liker friluftsliv er det mange moglegheiter for fine naturopplevingar til lands, til fjells og i skjergarden. Vi har også et rikt kulturliv, fleire treningssentre og idrettslag.
Vi ønsker ein arbeidsplass prega av mangfald, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar, også deg med hol i CV, til å søke jobb hos oss. Opplysningar om nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV kan bli bruka til registreringsformål.
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du forklare dette i søknadsskjema.Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, men du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Vi ber om at du opplyser når du kan tiltre og kor lenge du kan jobbe. I tillegg må du legge ved CV, vitnemål/karakterutskrifter og attestar for å bli vurdert som søkar.
For spørsmål om elektkronisk utfylling av CV kan du kontakte Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller e-post kundeservice@jobbnorge.no.
Ta gjerne kontakt med oss
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med underdirektør i Registerforvaltning Aina Melstein på telefon 75 00 61 32 eller 415 17 360.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Brønnøysundregistrene
Adresse
Havnegata 48, 8900 Brønnøysund
Hjemmeside
Brønnøysundregistera utviklar og driv digitale tenester som gjer dialogen med det offentlege enklare for personar og verksemder. Vi driv mange av dei viktigaste registera i landet og har 450 medarbeidarar.
Dei fleste jobbar i Brønnøysund. Vi har også kontor i Narvik og Oslo.
Om stillingen
Antall stillinger
2
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 10. mars 2020
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 182431_Brønnøysundregistrene_jobbnorge
Stillingsnummer: dabaf936-7c6d-4e23-bc3a-ca8927ec8bdf