Vågå Kommune søkjer tilkallingsvikarar til Miljøterapitenesta
Stillingsannonsen er inaktiv.Vågå kommune
Vågå kommune
Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Nasjonalparkane gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.vaga.kommune.no eller www.vågåleve.no.
I Miljøterapitenesta arbeider vi for menneske med psykisk utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi arbeider med målretta miljøarbeid for at dei skal oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Vi skal ha eit høgt fagleg fokus, og arbeide for å gjera kvarandre gode. Dette er dei viktigaste verkemidla vi har for å sikre ei langsiktig, fagleg og god teneste for tenestemottakarane våre. Konkrete oppgåver er miljøarbeid, praktisk bistand, aktivisering og rettleiing. Som tilkallingsvikar i Miljøterapitenesta vil du arbeida i team med fokus på kvalitet, tilrettelegging, planlegging og gjennomføring av målretta miljøterapeutisk arbeid i tråd med gjeldande lovverk. Oppgåvene dine vil vera tett knytt opp mot teamet for å bidra til at brukarane opplev ein heilskapleg og føresjåeleg kvardag med trygge rammer.
Me søker deg med rett innstilling og haldningar til det viktige arbeidet som skal gjerast. Me kan tilby ein variert arbeidskvardag med stort fokus på kvalitet i arbeidet, godt arbeidsmiljø med ulike kollegaer i ulike aldrar, og eit sterkt tverrfagleg samarbeid.
Arbeidet foregår på dag, kveld og natt, både på vekedagar og på helg. Ønskje om snarleg oppstart!
Kvalifikasjonar
- Relevant arbeidserfaring er ein fordel
- Beherske norsk skriftleg og munnleg (minimum nivå B1).
- Relevant fagkompetanse er ein fordel.
- Førarkort for bil, klasse B
- Kunne leggje fram politiattest med "intet å bemerke" for arbeid innan helse og omsorg
Eigenskapar
- Evne til å arbeide brukar-/pasientretta med høg kvalitet og integritet
- Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.
- Ansvarsbevisst, strukturert og sjølvstendig.
- Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar saman med det tverrfaglege arbeidsmiljøet.
- Positiv og fleksibel
- Kreativ og endringsviljug, samt lojal mot planar.
Personlige eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
- Arbeid i tverrfagleg team.
- Moglegheit for kompetanseheving.
- Eit godt fagmiljø og gode kollegaer.
Lønn etter gjeldande avtale. Konkurransedyktig pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Ved spørsmål, kontakt:
Avdelingsleiar Finntunet og Solhaug; Vegard Tøfte, 94150698
Tenesteleiar; Nina Løkken Bråten; 91754312
Søknadsfrist: 11.10.2020. Grunna behov for snarleg oppstart vil kvalifiserte kandidatar bli kontakta fortløpande.
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vågå kommune
Adresse
Storgata 29, 8300 Svolvær
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 13. oktober 2020
Hentet fra: Vågå kommune
Referanse: 43089
Stillingsnummer: dab0bbca-6668-40ed-8a44-5326cf23be7a