Sokneprest i Haugaland prosti med Tysvær sokn og Bokn sokn som tenestestad
Org. nr: - Stillingsident: 4184881117 Presentasjon av stillingen:
Tysvær og Bokn er prega av flott natur og gode tilhøve for friluftsliv i fjell og skog, samt god tilgang til sjø og rikt båtliv. Haugalandet har eit rikt kulturliv med festivalar og allsidige arrangement som fargelegg dagane for alle aldersgrupper gjennom heile året. Det er eit aktivt næringsliv og mange arbeidsplassar frå både inn- og utland. Kårstøanlegget ligg på grensa mellom Tysvær og Bokn. Med utgangspunkt i Tysvær og Bokn kan ein i dag nytta arbeidsmarknadene både sør og nord for Boknafjorden. Det er rundt 20-30 min. køyring til Haugesund og flyplass. Det er ein dryg times køyring til Stavanger.
I Tysvær kommune er det om lag 11.000 innbyggjarar. Tysvær sokn omfattar den sørvestre delen av kommunen. Her bur det i underkant av 2.500 menneske.
I sør ligg Bokn, ein øykommune med omlag 850 innbyggjarar. Det er bruforbinding mellom kommunane. E39 går gjennom sokna.
Tysvær kyrkje (1852) ligg i Tysværvåg, medan Bokn kyrkje (1847) ligg på Vestre Bokn. Det er om lag to gudstenester i månaden i kvar av desse kyrkjene. I 2019 var det 18 dåp og 15 gravferder i Tysvær. I Bokn var det 5 dåp og 5 gravferder. Det var 28 konfirmantar i Tysvær og 9 i Bokn
Tysvær soknehus er stort og fleksibelt, og blir nytta av heile bygda. Kyrkjelyden møtes her mellom anna til trusopplæringstiltak, konfirmantundervisning og møter.
På Bokn nyttar ein bedehuset til kyrkjelege aktivitetar. Det er eit nært og godt samarbeid med dei kristne organisasjonane og dei øvrige lag og foreiningar innan kulturlivet, til dømes idrett og musikk. Bokn er kjend for sitt omfattande speidararbeid. Frivillige medarbeidarar er knytt opp imot gudstenester og trusopplæringstiltak. Soknepresten må kunne bidra aktivt inn i kulturen sokna er prega av.
Sokna i Tysvær kommune og Bokn kommune utgjer samarbeidsområdet der soknepresten gjer teneste saman med sokneprestane i Førresfjorden sokn og Nedstrand sokn. Kyrkjelydane har eit godt og aktivt samarbeid med Tysvær kommune og Bokn kommune.
Samarbeidet mellom kyrkje, barnehagar og skular er godt. Sokna i området arbeider aktivt saman på ulike områder. Tysvær sokn er det kateket. Tysvær og Bokn har felles kantor i 45% stilling. Det er 20% stilling som kyrkjelydspedagog på Bokn som pt. er vakant.
Arbeidet med gudstenesteliv, trusopplæring, konfirmantarbeid og diakoni er prioriterte arbeidsområde.
Soknepresten har kontor i Aksdal kyrkje, der dei fleste av dei kyrkjeleg tilsette i kommunen arbeider ut ifrå. Spesielt på stabsplan er det mykje samarbeid mellom sokna med faste stabsmøte. Prosten samlar prestane omlag 10 gonger i året til pastoralsamlingar, som er av fagleg og sosial karakter. Desse blir lagt til ulike stadar i Haugaland prosti, som består av 5 kommunar: Haugesund, Utsira, Tysvær, Bokn og Vindafjord.
Arbeidsoppgaver
- Ha ansvar for prestetenesta i samsvar med tenesteordning for prestar i Den norske kyrkja.
- Tenestegjere i samarbeidsområdet i Tysvær kommune og Bokn kommune.
- Gå inn i bakvaktsordninga i Haugaland prosti.
- Gå inn i beredskapsordninga i Stavanger bispedømme.
- Samarbeide nært med stab, sokneråd og utval.
- Ta del i konfirmantarbeidet i Tysvær. Hovedansvar for konfirmantane på Bokn.
- Delta i trusopplæringsarbeidet, <<Kyrkjenær.>>
- Vere på institusjonsbesøk.
- Ha enkelttenester ved særskilte behov i heile Haugaland prosti.
- Løfte fram verdien av diakoni, misjon og musikk-/ kulturarbeidet.
- Møte fast i Tysvær sokneråd og Bokn sokneråd.
Kvalifikasjoner
Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende
Personlige egenskaper
- Ha fleksibilitet og gode samarbeidsevner.
- Kunne inspirere og motivere.
- Ha gode leiareigenskaper, og ha evne til å tenkje strategisk.
- Ha administrative evner.
- Vere ein forkynnar som evner å tale relevant for menneske i dag.
- Vere ein god sjelesørjar.
Vi tilbyr
- Stillinga vert løna etter gjeldande reglar.
- Vanlege regulativmessige godtgjeringar. Skyss- og telefongodtgjering etter gjeldande satsar. Pensjonsinnskot og medlemskap i Statens Pensjonskasse etter ordninga for prestar tilsett i retssubjektet Den norske kyrkja.
- Tilsettinga skjer på dei vilkåra som til ei kvar tid gjeld for prestar i Den norske kyrkja, og den som blir tilsett må rette seg etter endringar i lovar, tariffavtalar, reglement m.m., samt avgjerder som kan influere på tenesta sine gjeremål, særskilte samarbeidsområde og tenestedistrikt.
- Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på dei særlege krava som blir stilt i utlysingsteksten. Søkjarane blir derfor bedne om å utforme ein eigenpresentasjon i sin søknad, som svarar på dei utfordringar som kjem fram i utlysingsteksten. Sjå særleg under "Arbeidsoppgåver" og "Personlege eigenskapar".
- Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere bil.
- Ein flott og nyoppussa prestebustad i Tysværvåg er tilgjengeleg dersom det er ønskjeleg. Bustaden kan leigast til den marknadsleiga som Opplysningsvesenets Fond fastset. Bustaden ligg nær barnehage, skule, soknehus, kyrkje og idrettsanlegg.
- Målforma er nynorsk.
- Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetting (jf. § 30 i likestillings- og diskrimineringslova).
- Det vil bli utarbeida offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg, sjølv om ein ber om ikkje å bli ført på denne lista (jf. offentleglova paragraf 25, 2. ledd).
- Kvinner og yngre prestar blir oppfordra til å søkje.
- Den som blir tilsett må leggje fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
- Alle søkjarar må søkje elektronisk.
Kontaktinformasjon
Gunnar Rønnestad, assisterende stiftsdirektør, 90196389
Rune Steensnæs Engedal, prost, 91834019
Arbeidssted
Aksdalveien 159
5570 Aksdal
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Stavanger bispedømmeråd
Referansenr.:4184881117
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.03.2020
Om bedriften
Den norske kirke er et evangelisk luthersk kirkesamfunn. De fleste nordmenn (ca. 83 %) tilhører Den norske kirke, og mange uttrykker sitt religiøse liv gjennom Kirkens ritualer og høytider. Hvert år holdes 70000 gudstjenester i 1600 kirker i de 1285 menighetene. Den norske kirke er delt inn i 11 bispedømmer, 105 prostier og 1285 sokn. Hvert bispedømme ledes av en biskop og et bispedømmeråd. På lokalplanet er det et menighetsråd for hvert sokn. Hvert fjerde år velger kirkens medlemmer nye menighetsråd med mellom 4 og 10 medlemmer. Sentrale kirkelige funksjoner ivaretas av Kultur- og kirkedepartementet, Kirkemøtet, Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd og Bispemøtet.