70 % mellombels stilling f.t. ved Langtidsavdeling, Pleie og omsorgstenesta
Beskrivelse
Sundheim er base for pleie og omsorgstenestene i kommunen med 72 institusjonsplassar fordelt på 3 avdelingar, heimesjukepleia og heimehjelpstenesta.
Kommunen er godt i gang med planlegging av framtidas omsorgsutfordringar fram mot 2025 og det har vore omfattande bygningsmessige arbeider så det meste av lokala framstår som nye.
Langtidsavdeling er for langtidsopphald og eit tilbod for personar som har behov for døgnkontinuerlig omsorg og hjelp.
Vi har nå ledig mellombels stilling som helsefagarbeidar f.t. ved Langtidsavdeling, Pleie og omsorgstenesta:
70 % mellombels stilling er ledig i tida fom. d.d. tom. 19.09.2021 med moglegheit for forlenging i påvente av ny turnus, og med moglegheit for fast tilsetting. Stillingsprosenten kan da bli endra.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Er du på utkikk etter nye utfordringar ved ein spennande arbeidsplass med ungt og godt miljø? Ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på og send oss ein søknad.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver som helsefagarbeidar ved Langtidsavdeling.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar.
Søkjarar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og evne til å ta imot raske beskjeder.
- Evne til å takle høgt arbeidstempo og uforutsette situasjonar.
- Høg omsorgsevne og glad i å jobbe rundt og med menneskjer.
- God mellommenneskeleg forståelse og tilnærming i møte med folk.
- Sjølvstendig, strukturert og gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar for stillinga vil bli tillagt stor vekt.
Vi kan tilby
- Arbeid i ein framoverlent kommune med dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Utviklingsmoglegheiter tilpassa deg og dine ambisjonar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Konkurransedyktig løn.
- Hjelp med å finne bustad.
- Barnehageplassgaranti.
Føresetnader / vilkår
Lønn etter kvalifikasjoner, flyttegodtgjørelse og svært gode pensjonsordninger i KLP.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om bedriften
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 700 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 13 200 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.