Fagleg rettleiar
Fagleg rettleiar
Eining Habilitering, Sveio kommune
Fagteam Habilitering i Sveio kommune har ansvarsområde for innbyggjarar med psykisk utviklingshemming. Ansvar inkluderar rådgjeving, rettleiing og oppfølging. Me jobbar og for at brukar skal få hjelp i avgrensa periodar for å avhjelpe i utfordrande situasjonar.
Me er lokalisert i Sveio sentrum, noko kjøyring ut til brukarar i kommunen må påreknast.
Me har nå ledig 80% stilling som fagleg rettleiar. Ved å leggje til 3. eller 4. kvar helg i bustad for psykisk utviklingshemma kan me tilby 100 % stilling.
Arbeidsoppgåver
- Rådgjeving og rettleiing til brukar eller andre som står brukar nært
- Koordinator for, og oppfølgjing av IP
- Samarbeid på tvers av ulike instansar
- Noko sakshandsaming må påreknast
Kvalifikasjonar
- Minst treårig helse- eller sosialfaglig høgskuleutdanning
- Vernepleiarar vert fortrinnsvis prioritert
- Søkjarar med rett erfaring vil vera høgt prioritert
- Erfaring med psykisk utviklingshemming og psyikatri vil væra ein fordel
- Erfaring med ulike rettleiingsmetodar og utfordrande åtferd vil væra ein fordel
- Faglig engasjert, oppdatert og med solid kompetanse innan habilitering
- God på kommunikasjon og ha relevant IKT kunnskap
- Beherske norsk språk flytande, både munnleg og skriftleg
- Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Du må kunne jobbe sjølvstendig, samt saman med fagteam
- Du må kunne rettleie i og utanfor søkjars heim
- Du er imøtekomande, tillitsbyggjande og evna å skapa gode relasjonar
- Du er trygg på deg sjølv i rolla, er anvarsfull og visar tolmod
- Du er fleksibel, løysning og utviklingsorientert
Vi tilbyr
- Ein lærande og fleksibel arbeidsplass i stadig utvikling, med sterkt fokus på den einskilde tenestemottakar
- Interessante faglege utfordringar og høve for fagleg og personleg utvikling
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
- God pensjonsordning gjennom KLP – frå løna blir det trekt 2 %
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.