Lærar Aure skule, inntil 370 % vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4198275946 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig inntil 370 % vikariat for lærar ved Aure skule i perioden 01.08.2020 - 31.07.2021. Det kan verte ledige stillingar utover dette. Utlysinga tek atterhald om eventuelle interne rokeringar.
Kontaktlærarfunksjon må påreknast.
Arbeidsstad
Aure skule er ein 7-delt barneskule og ligg i sentrum av Sykkylven, like ved ungdomsskulen. Skulen har i dag omlag 145 elevar og 35 tilsette i personalgruppa. Skulen har eiga skulefritidsordning og det er tilsett undervisningsinspektør. Skulen er også læreplass for lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer dyktige og engasjerte lærarar som ønskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Grunnskule-/ allmennlærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning som kan dekke dei fleste av grunnskulen sine fag og som oppfyller krav for tilsetting og undervisning på barnetrinnet.
- Skulen har behov for fagkompetanse i skulefaget mat og helse (30 % av utlyst vikariat)
- Søkjar må pårekne å undervise på småskuletrinnet.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskaper vert vektlagt
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling.
- Tilsetting i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement.
- Obligatorisk tenestepensjonsordning med gunstige lånevilkår
- Gode forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverk
Kontaktinformasjon
Ådne Brunstad, Einingsleiar, 41686783, adne.brunstad@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Aure skule
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4198275946
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 31.07.2021
Søknadsfrist: 11.03.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.