Fagleiande kokk
Org. nr: - Stillingsident: 4263623872 Presentasjon av stillingen:
På vårt kjøkken har vi har ledig stilling for fagleiande kokk som vil ha fokus på variert og allsidig kosthold med næringsrik og velsmakende mat tilpasset våre pasientar.
Aure rehabiliteringssenter er ein del av det spesialiserte rehabiliteringstilbodet i Helse Møre og Romsdal, og gjev tilbod om tverrfagleg rehabilitering til brukarar med komplekse utfordringar.
Interne omrokkeringar kan gje andre ledige stillingar.
Arbeidsoppgåver
- Hovedansvar for den daglege drifta av kjøkkenet
- Ansvar for god fag- og kvalitetsutvikling for ansatte på kjøkkenet
- Delta aktivt i samhandling omkring pasientane gjennom heile rehabiliteringsprosessen, inkludert kartlegging, tiltak og oppfølging innan ernæring og tilrettelegging i ADL-funksjon.
- Gi veiledning og undervisning til pasientar enkeltvis og i grupper.
- Matproduksjon og servering
- Administrere og delta i reinhald på kjøkken, spisesal og fellesareal
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk, gjerne institusjonskokk
- Utvida fag- og realkompetanse innan kostveiledning er sterkt ønska, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Trygg på og trivst med å samarbeide tett med andre
- Løysningsorientert og ha gode evner til å arbeide sjølvstendig og kunnskapsbasert
- Personleg eignaheit blir vektlagd
Vi tilbyr
- Vi tilbyr faglege utfordringar, spanande og varierte arbeidsoppgåver, i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- Lønn etter tariff
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade orsikring,gruppelivsforsikring og
tenestereiseforsikring - Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Aud Bente Skar, Seksjonsleiar, 71217202 / 97662275, aud.bente.skar@helse-mr.no
Arbeidsstad
Bergsvegen 38
6690 Aure
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4263623872
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 05.10.2020
Søknadsfrist: 09.08.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal