Fastlege - ID 917, 100%
Ved Kviteseid helsesenter, legekontoret er følgjande stilling ledig:
Fastlege - ID 917, 100%, fast, tilsetjing frå 01.05.2019.
Arbeidsoppgåver:
• Kurativt legearbeid inkl. helsestasjonsarbeid
• Deltaking i interkommunal legevakt
• Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
• Norsk autorisasjon som lege. Fullført LIS1
• Må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Interesse for fagutvikling
• Må ha førarkort og disponere eigen bil
Me kan tilby:
• Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
• Utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
• Fastløn etter avtale og kvalifikasjonar
• Fast arbeidstid
• 4 mnd. utdanningspermisjon kvart 3. år
• 2 x 5 dagar ekstra fri med løn per år til utdanning/kursing
• Tilrettelegging for vidareutdanning, tilsvarande ALIS
• Kommunen kan hjelpe til med å finne husvære og har fleire byggeklare bustadtomter
• Full barnehagedekning i kommunen
• Vidaregåande skule i kommunen og i nabokommunane
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Fullstendig kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no.
Attestar og vitnemål må leggast ved den elektronisk søknaden.
Spørsmål kan rettast til kst. einingsleiar Tone Heggtveit på tlf. 350 68 264 eller 971 76 454, eller til kommuneoverlege Anne Ruth S. Mikalsen på tlf. 350 68 250.
Om bedriften
Kviteseid helsesenter har eit spennande tverrfagleg miljø, med legekontor, helsestasjon, jordmor, psykiatriteneste og fysioterapiteneste. Helsesenteret har dyktige og sjølvstendige medarbeidarar, med til saman omlag 15 årsverk.
På legekontoret er det tre fastlegar, turnuskandidat, helsesekretærar, sjukepleiarar og bioingeniør. Me har legevaktsamarbeid med Seljord kommune.