R-01 Lærling i helsearbeidarfaget
Vi søker
etter lærlingar i helsearbeidarfaget.
Krav til kompetanse
Du må ha fullført VG1 og VG2 og ha bestått i alle fag
Personlige egenskaper
Du må ha lyst til å lære deg faget, vere positiv, lærevillig og pliktoppfyllande.
Vi tilbyr
God opplæring med faste instruktørar/rettleiarar som er erfarne fagarbeidarar, og som saman med deg har ansvar for den faglege utviklinga di. Instruktøren vil og hjelpe deg med å bli kjent med arbeidsmiljøet og kollegaer.
Søknad sendes
Søkarar må bruke det elektroniske søknadsskjemaet på kommunen si heimeside, under "ledige stillingar". I tillegg må
søkarar søke i VIGO.
Spørsmål om korleis ein søker kan rettast til Servicetorget på telefon 52757000
Dersom det kjem fram krav om politiattest i stillingsutlysinga skal det leggast fram politiattest som ikkje er eldre enn 3
månader. Det blir teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i eventuelt tilbod om stilling.
I tillegg til den elektroniske søknaden må du sende inn vitnemål frå VG1 og evt yrkesfagleg fordjuping til:
Personalkontoret i Tysvær kommune v/Ketil Anthun
Postboks 94
5575 Aksdal
Om bedriften
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta