Spesialpedagogisk hjelp i barnehage - vikariat
Stillingsannonsen er inaktiv.Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda
Dei tilsette har i hovudsak barnehagane som sin arbeidsstad, men har også kontortid og kontorplass på pp-kontoret
Vi har ledig vikariat i 100% stilling for ein som skal yte spesialpedagogisk hjelp i barnehagane i Stranda kommune for tidsrommet 10.08.2022 - 30.06.2023
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med barn i barnehage som har ein individuell rett til spesialpedagogisk hjelp
- Forebyggande og systemretta tiltak
- Samarbeide med og rettleie andre tilsette i barnehagane og føresette, samt samarbeid med sakkyndige instansar.
Kvalifikasjonar
- Spesialpedagog, eventuelt anna relevant pedagogisk kompetanse
- Erfaring frå arbeid med barn med særskilde behov
- Erfaring frå arbeid i barnehage
- Gode IKT-kunnskapar
- Den som blir tilsett må har førarkort og disponere bil
Personlege eigenskapar
- Glad i barn
- Sjølvstendig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Systematisk/strukturert og løysingsorientert
- Godt humør
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Kontaktinformasjon
Tone Merete Lillebø, Kommunalsjef oppvekst, 464 11 005, tonlil@stranda.kommune.noArbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stranda kommuneReferansenr.:4521600334
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 10.08.2022
Sluttdato: 30.06.2023
Søknadsfrist: 29.05.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stranda kommune
Adresse
Øyna 13, 6200 Stranda
Om stillingen
Stillingstittel
Stranda kommune
Antall stillinger
1
Oppstart
10. august 2022
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 30. mai 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: 9c62d6e800a542ba8c69d94eb28356b3
Stillingsnummer: d9a88c0b-4153-4db3-ab05-bac72016b9d0