Betongarbeidar for betong- og kaiarbeid
I samband med auka oppdragsmengde søker vi no etter ein betongarbeidarsom kan vere med å utvikle prosjekta våre vidare.
Vi ser etter ein person med erfaring frå betongarbeid og kjenner bygg- og anleggsbransja godt. På grunn av samansetninga av arbeidsgruppa stiller vi krav om norskkunnskap.
Det vil vere en stor fordel om du har erfaring med montering av betongelement og bygging av kaikonstruksjonar i betong.
Vi har prosjekt i heile Noreg, så reising og ulikt skiftarbeid må påreknast. Den som søkjer må vere glad i å jobbe ute heile året.
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø og konkurransedyktige vilkår i ei bedrift med hektiske dagar og spanande prosjekt.
Krav til kompetanse
- Fagbrev i betongfaget eller erfaringfra betongarbeid
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort, minimum kl. B
Ønska kompetanse
- Evne til å jobbe systematisk og strukturert
- Evne til å lese tekniske teikningar og liknande dokument
- Utviklingsorientert, handlekraftig og positiv
Personlige egenskaper
- Trivast med arbeid både inne og ute
- Fokus på helse, miljø og tryggleik
Om bedriften
A. Våge AS har meir enn 60 års erfaring med anleggsarbeid etter vi starta entreprenørverksemd på 1950-talet. Vi har base i Volda, men prosjekt langs heile kysten av Noreg.
Vi har sidan oppstarten teke på oss arbeid innan heile bygge- og anleggssektoren. I den seinare tid har vi spesialisert oss på kaikonstruksjonar i betong.