Jordmor
Tysnes kommune har ledig stilling som jordmor.
Stillinga ligg organisatorisk til eining barn og familie. Eininga er ei tverrfagleg sett saman av helsestasjon, jordmorteneste, psykisk helse for barn og unge og barneverntenesta.
No søkjer me etter ein dyktig medarbeidar som evnar å jobbe sjølvstendig og heilskapleg, og som ønskjer å vere sentral i vår faglege satsing og utvikling når det gjeld førebyggjande og helsefremjande arbeid rundt barn, unge og deira familiar. Stillinga krev nært samarbeid med andre kommunale tenester.
Stillinga som jordmor er ei fulltidsstilling, men det kan vurderast stillingsreduksjon dersom det er ønskjelig.
Arbeidsoppgåver
- Svangerskapsomsorg
- Barselomsorg etter fødsel
- Ammerettleiing
- Undervisning i fødselsførebuande kurs
- Helsestasjon for ungdom
- Tett samarbeid med helsestasjon, psykisk helse, fastlege og fødeavdeling
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ut frå søkjar si kompetanse og eininga sitt behov
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som jordmor.
- Erfaring med arbeid i svangerskaps- og barselsomsorg på helsestasjon.
- Erfaring frå føde/barselomsorg i sjukehus er eit føremon, men ikkje eit vilkår.
- Rekvirentsrett til prevensjon.
- God munnleg og skriftleg fremstillingsevne.
- IKT-komtepanse.
- Den som vert tilsett må ha førarkort og moglegheit for å disponera eigen bil.
Aktuell kandidat må framvise gyldig politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonelloven § 20.
Personlege eigenskapar
- God evne til å trygge og førebu foreldre til fødsel og barseltida
- Evne til empati og profesjonell haldning
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å vere fleksibel og løysingsorientert
- Jobbe systematisk og strukturert
- Engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis
Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Interessante og spanande utfordringar, og utvikling av tenestetilbodet vårt.
- Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Stillinga er lønsplassert i kap. 5 og har lokal lønsjustering.
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
- Fleksitid, med vinter- og sommartid.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Ingvild Hustad, Einingsleiar, 971 00 486, ingvild.a.hustad@tysnes.kommune.noAud Kaldefoss, Oppvekstsjef, 934 02 321, aud.kaldefoss@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhuset5685 Uggdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tysnes kommuneReferansenr.: 4614843478
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.02.2023
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km2 og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.