Radiograf
Org. nr: - Stillingsident: 4387852989 Presentasjon av stillingen:
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund, med sin vakre Jugendstilarkitektur er vidt kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teke ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultu- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om byen og regionen her: https://no.visitalesund.com/
Avdeling for radiologi Ålesund og Volda omfattar røntgenseksjonen ved Ålesund sjukehus, brystdiagnostisk senter (BDS) i Møre og Romsdal og nukleærmedisin og røntgenseksjonen ved Volda sjukehus. Avdelinga utfører årleg ca. 100 000 undersøkingar. BDS er då ikkje medregna.
Ved Radiologi Ålesund er det 1-2 ledige sommervikariat. 100% stilling med vaktturnus etter fullført opplæring. Vikariata går fram til til 23.august, med oppstart etter avtale .
Arbeidsoppgåver
- Utføre pålagde arbeidsoppgåver i seksjonen
- Vere positiv til tilleggsoppgåver ved behov
Kvalifikasjonar
- Autorisert radiograf (3-års studentar vil også bli vurdert)
- God kjennskap til fagområdet
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Handlekraftig, initiativrik og sjølvstendig
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Ein arbeidsplass med trivelege og inkluderande kollegaer.
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Eivind Johan Stavang, Seksjonsleiar, 70105519, eivind.johan.stavang@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4387852989
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 24.05.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal