Sparebanken Sogn og Fjordane søker to trainear innan fleire spennande fagfelt
Stillingsannonsen er inaktiv.Sparebanken Sogn og Fjordane
Langebruvegen 12, 6800 Førde
Har du utdanning innan økonomi, administrasjon, juss, IT eller utvikling? Vil du vere med å forme framtidas bank? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi ønskjer deg som
- Er lærevillig og nysgjerrig
- Tørr å utfordre
- Har interesse for kommunikasjon og teknologi
- Utfordrar oss med nye idear
Som trainee i Sparebanken får du moglegheit til å forme din eigen rolle. Vi tilpassar stillinga ut frå kva kompetanse du har.
Arbeidsoppgåver kan vere
- Analyse og statestikk
- Avdekke kvitvasking og terrorfinansiering
- Webdesign
- Programmering og automatisering
- Utvikling web/mobil/DevOps
- Avtalerett
- Informasjonssikkerheit
- Begeistre kunden gjennom sjølvbetjening og digitale kanalar
- Sal og rådgjeving av bankens produkt
Vi kan tilby deg
- Hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø med stor takhøgde
- Eit spennande år med høve til utvikling
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Innovativt miljø med fokus på vidareutvikling
- Gode kollegaer
- Hytter på fjellet, i byen og i utlandet
- Bedriftsidrettslag
Korleis er det å jobbe i Sparebanken Sogn og Fjordane?
Likestilling
Sparebanken Sogn og Fjordane har som mål å vere ein av dei mest attraktive arbeidsplassane i fylket. I dag er vi best i landet på kjønnsbalanse, i følgje SHE index undersøkinga. Vi har fokus på å ivareta og utvikle mangfald i banken, både i kvardagen og i rekruttering.
Kunnskapsdeling
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling. Utnytting av dei tilsette sine ressursar er avgjerande for banken sin konkurranseevne og vekst. Det er stor takhøgde i banken, og vi ønskjer at du som trainee skal utfordre oss med nye idear og innspel!
Lokal
Sparebanken Sogn og Fjordane har ein visjon om å vere ei drivkraft for fylket. Vi vekst nasjonalt, men forvaltar verdiane i Sogn og Fjordane. For oss er det viktig at overskotet til banken kjem lokalsamfunnet til gode i form av gåver- og sponsormidlar.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sparebanken Sogn og Fjordane
Adresse
Hafstadvegen 25, 6800 Førde
Hjemmeside
Sparebanken Sogn og Fjordane vil vere meir enn bank. Bank- og finansbransjen er i stor endring og kundeåtferda i konstant utvikling. I Sparebanken Sogn og Fjordane har vi derfor fokus på forretningsutvikling og satsar på digitale løysingar. Vår visjon er å vere ei drivkraft for fylket og for at vi skal kunne vere det, søkjer vi fleire gode hovud.
Om stillingen
Stillingstittel
Fleire fagfelt
Antall stillinger
2
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 2. mars 2020
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: d960ff7b-3c88-4e22-87e7-692fdf7f2f7b
Stillingsnummer: d960ff7b-3c88-4e22-87e7-692fdf7f2f7b