Politioverbetjent/fagleiar med funksjon som straffesaksansvarleg - Vest politidistrikt- Driftseining Hordaland - tenesteeining Os og Austevoll
Org. nr: - Stillingsident: 4052318871 Presentasjon av stillinga:
I Vest politidistrikt, for tida driftseining Hordaland, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent SKO 1456/ fagleiar med funksjon som straffesaksansvarleg i tenesteeining Os og Austevoll. Stillinga er stadsplassert på Os lensmannskontor.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Arbeidsoppgåver
- Overordna fagleg ansvar for å kvalitetssikre alle straffesaker i eigen tenesteeining med mål og resultatansvar i samråd med seksjonsleiar for etterforsking i GDE Hordaland
- Sikre effektiv oppgåveløysning med høg kvalitet innan straffesaksarbeidet i tråd med gjeldande lovverk, reglar og instruksverk
- Ansvar for fagleg rettleiing og oppfølgjing av etterforskarar, og sjå til at saksarbeidet blir ferdigstilt innan gitte fristar
- Leggje til rette for PPS (politiarbeid på staden), og følgje opp tilbakemeldingsmøter
- Ansvar for at beslagsrutinar ved tenesteeininga blir fulgt
- Medansvar for innstilling av medarbeidarar til kurs/studiar innan fagfeltet etterforsking
- Ta del i vakt- og beredskapsteneste om naudsynt
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Tilfredstille dei generelle kompetansekrava til politibetjent 3
- Minimum 5 års erfaring frå etterforsking
- Søkjar må vere IP4-godkjend eller kvalifisert og villig til å bli IP4-godkjend
- Kunne vise til god resultatoppnåing i tidligare stillingar
- God IT- og systemkompetanse
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
Utdanningsnivå
- politiskole/politihøgskole
Personlege Eigenskapar
- Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk i ein hektisk arbeidskvardag
- Vere nytenkande innan fag og metode
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
- Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing
- Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet
Vi tilbyr
- Stillinga som politioverbetjent SKO 1456 blir lønna i spennet frå ltr 67/ 597 400,- til ltr 70/ 631.700,- brutto per år. Endeleg lønnsplassering avhenger av kvalifikasjoner
- Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Oddbjørn Dyrdal, Tenesteeiningsleiar, 56303900
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 55556300
Arbeidsstad
Os
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Politiet, Vest pd
Ref. nr.:201902771
Fast stilling
Søknadsfrist: 22.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4052318871&company_id=3733481084&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.