Museumsvert
Org. nr: - Stillingsident: 4390156471 Presentasjon av stillingen:
Herøy kystmuseum søkjer 4 serviceinnstilte og historieinteresserte museumsvertar med ulik alder, bakgrunn og kompetanse som vil vere med å gje besøkande til kystmuseet, pilegrimsstaden og Herøy gard gode opplevingar i sommarsesongen. Kystmuseet ligg på Herøy gard og formidlar øya si meir enn 1000-år lange historie med hovudvekt på mellomalderkyrkjestaden og handelsstaden si storheitstid på 1700-1800-talet. Herøy gard er nøkkelstad i kystpilegrimsleia, øya og holmane rundt er eit svært mykje nytta frilufts- og rekreasjonsområde både på land og sjø.
Arbeidsoppgåver
- Omvising
- Drift av museumskafeen
- Deltaking på arrangement og publikumsaktivitetar
- Vareta smitteverntiltak (informasjon, reingjering og desinfisering)
- Støtte museet i sine oppgåver
- Andre førefallande oppgåver
Kvalifikasjonar
- Nysgjerrig på, og gjerne kunnskap om Herøy si historie
- Likar å formidle
- Kommuniserar godt på norsk og engelsk, gjerne også tysk eller andre språk
- Salgs- og serviceinnstilt, gjerne erfaring frå arbeid i butikk
- God teknisk forståing
Personlege eigenskapar
- God munnleg formidlingsevne
- Gode samarbeidsevner
- Glad i å arbeide med menneske
- Tar initiativ, er ansvarsbevisst og nøyaktig
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Søkjarar bør ha moglegheit til å arbeide gjennom heile sommaren.
Vi tilbyr
- Arbeidstid etter vaktplan på dagtid i vekedagar og helgar.
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Eileen Gjerde, Avdelingsleiar, 95456945
Arbeidsstad
Nautøya 175
6070 Tjørvåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4390156471
Stillingsprosent: 25%
Sommarjobb
Startdato: 05.06.2021
Sluttdato: 29.08.2021
Søknadsfrist: 25.05.2021
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 650 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!