Lege i spesialisering, LIS2/LIS3, indremedisin
Org. nr: - Stillingsident: 4333700470 Presentasjon av stillingen:
Ved medisinsk avdeling, Stord sjukehu s, er det ledig to vikariater for LIS2/LIS3, indremedisin.
Vikariatene er ledig fra snarest og er av ett års varighet med mulighet for forlengelse.
- Avdelinga dekker spesialitetane kardiologi, gastromedisin, lungemedisin, nefrologi og endokrinologi.
Vi har utdanningsprogram for LIS2 og LIS 3 i indremedisin. Stord sjukehus er eit lite sjukehus. Som LIS2/LIS3 hos oss vil du få mye ansvar og innflytelse og du vil samarbeide tett med øvrige leger i seksjonen.
Ved medisinsk avdeling har me årleg ca 3660 innleggingar, 9000 polikliniske konsultasjonar og om lag 1500 dagpasientar. Opptaksområdet er på om lag 50.000 innbyggjarar, fordelt på fem kommunar.
Avdelinga består av blant anna:
- 2 medisinske sengepostar
- Felles intensiv/oppvakings avdeling og dialyse-enhet som er tilknytta intensivavdelinga.
- Akuttmottak med 4 observasjonssenger
- Medisinsk poliklinikk
Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF.
Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv, radiologi med CT- og MR-lab, fysikals medisin og rehabilitering seksjon og laboratorium med blodbank.
Stord sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi.
Stord har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med vidaregåande skule og Høgskule. Det er god kommunikasjon nordover til Bergen/ Flesland og sørover til Stavanger.
Det er også flyplass på Stord med god kommunikasjon til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- LIS2/LIS3 deltar for tida 7-delt vakt
- Deltar i utgreiing og behandling av medisinske pasientar
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført LIS1-teneste
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg (tilsvarande Bergenstesten)
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Evne til samarbeid
- Like varierte utfordringar
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gratis bolig i 6 mnd. Oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Kontorplass
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Philipp Reichel, Seksjonsoverlege, 41075030
Sunniva Austlid, Seksjonsleder, 90096097
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4333700470
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 07.02.2021
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.