Stord24 og Fitjarposten søkjer journalist i eitt års vikariat
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord24/Fitjarposten
Sæ 134, 5417 Stord
Då ein av våre journalistar skal ut i morspermisjon, søkjer me etter ein journalist i eit vikariat i eitt år, med oppstart frå 1. juni. Då Stord24/Fitjarposten er eit mediehus i vekst, er det gode moglegheiter for fast tilsetting etter at vikariatet tek slutt.
Erfaring eller utdanning innan journalistikk er ein fordel, men ingen krav. Det vil bli gitt opplæring innan grunnleggande journalistiske arbeidsmetoder.
Det er viktig at du er stødig i nynorsk og glad i å formulera deg skriftlig. Me ser etter ein person som er oppdatert og nysgjerrig på det som skjer i lokalsamfunnet. Du bør vera ein blid og omgjengeleg person som er glad i å snakka med folk.
Arbeidstid vil normalt vera på dagtid, men noko kveld- og helgejobbing må påreknast. Me tilbyr stor fleksibilitet i arbeidstida.
Me har kontorstad i Kunnskapshuset i Leirvik sentrum, men mykje av arbeidstida vil bli nytta ute på reportasjeturar. Du bør kunna disponera eigen bil.
For spørsmål til stillinga, ta kontakt med redaktør Jonas Sætre på tlf. 47652527.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord24/Fitjarposten
Adresse
Kunnskapshuset, Sæ 134, 5417 Stord
Hjemmeside
Stord24 og Fitjarposten er eit heildigitalt mediehus som dekkjer nyhende på Stord, Fitjar og elles i Sunnhordland. Fitjarposten har sine røter tilbake til 2005, medan Stord24 vart starta i 2017.
Om stillingen
Stillingstittel
Journalist
Antall stillinger
1
Oppstart
1. juni 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 15. mars 2021
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: d83d04ab-eb9c-4d80-b537-12accbba5543
Stillingsnummer: d83d04ab-eb9c-4d80-b537-12accbba5543