Kvifor ikkje bli leiar i naturskjønne Vestnes?
Omkrinsa av fjell og sjø er Vestnes ein perfekt stad å bu for deg som er glad i frisk luft og natur. Vestnes har eit stort og variert tilbod av aktivitetar som gjer det vanskeleg å kjede seg. Kommunen har eit rikt kulturliv og eit aktivt sportsmiljø. Det skal finnast aktivitetar for ein kvar smak for innbyggjarane i Vestnes. Samstundes er kommunen sentralt plassert og tett på byane Molde, Ålesund og Åndalsnes. God offentleg samferdsel i form av to flyplassar og ein togstasjon er innan kort reisetid frå Vestnes. www.ivestnes.no
Vestnes Kommune er ei industrikommune med sterke røter i maritim industri, men er også stor innan jordbruk og service. Dei kommunale tenestene er godt utbygd, med blant anna eit nytt moderne helsebygg, Stella Maris, oppført i 2021.
Heimetenestene i Vestnes ligg sentrumsnært med bussknutepunkt til Molde. Eininga består av heimesjukepleie, heimehjelp, heimevaktmester, fysioterapeut, ergoterapeut, fotterapeut og dagsenter. Tenestene har brei tverrfagleg kompetanse. Den nye avdelingsleiaren blir ein av to leiarar i eininga og vi håper at du er den rette.
AVDELINGSLEIAR HEIMETENESTENE
Vestnes kommune søkjer etter ein avdelingsleiar med ansvar for heimetenestene i kommunen. Stillinga er 100% fast stilling.
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
- Fagleg oppfølging, samt personal og økonomiansvar for dine medarbeidarar, fagpersonell og brukarar
- Fagleg rettleiing/opplæring av tilsette
- Koordinere dagleg drift, turnusarbeid og andre administrative oppgåver
- Arbeide for fagleg kvalitetssikring og utvikling
- Sikre god informasjonsflyt
- Ha ansvar for ajourhald og andre administrative rutinar
- Bidra i leiarteamet for utvikling på tvers av helseområda
Kven er det vi søkjer?
- Vi ser etter deg som har 3 årig utdanning innan sjukepleie eller helse- og sosialfag. Det er og ønkeleg med vidareutdanning i leiing. Om du ikkje har dette må du vere villeg til å ta ei slik utdanning på sikt
- Du må gjerne ha erfaring med bemanningsplanlegging i turnus
- Du er fleksibel og har endringsvilje
- Du har eit brennande ønskje om å vere med å påverke, utvikle og forbetre tenesteområdet i Vestnes Kommune
- Du har stor arbeidskapasitet, bør trivast i ein hektisk kvardag og kunne leie dine medarbeidarar med entusiasme og glede
- Du bør óg kunne beherske IT -verktøy på ein god måte
Vestnes Kommune kan tilby støtte og utvikling gjennom eit tverrfagleg leiarteam. Du vil få gode og engasjerte leiarar som gir deg ansvar, men óg spelerom, til å utvikle dei beste tenestane til brukarane. Kommunen er ei IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid. Kommunen kan tilby ein spanande arbeidsplass med gode arbeidsforhold og eit sterkt fagleg miljø.
Ta kontakt med oss om du er nysgjerrig etter å vite meir om staden, arbeidsplassen eller oppgåvene. Vestnes Kommune ønsker deg velkomen til å søkje og ser fram til å høyre frå deg.
Vestnes Kommune nyttar rekrutteringsbyrået Manpower til å hjelpe seg med stillingane, og deira konsulentar vil kunne svare på spørsmål du måtte ha.
Om bedriften
Manpower er Norges største og ledende bemanningsbyrå. Vi bemanner og rekrutterer til privat og offentlig sektor. Siden starten i 1965 har vi bistått med å få over en halv million mennesker i jobb, og hvert år er nærmere 20 000 dyktige mennesker i jobb gjennom oss, via rekruttering eller innleie. Solid erfaring, innovative og fleksible løsninger, samt DNV GL sertifiserte rådgivere gjør oss til den komplette leverandør for våre kunder.
Manpower er sertifisert som Revidert Arbeidsgiver og sertifisert i henhold til ISO 9001:2015. Det bekrefter at Manpower etterlever sentrale prinsipper i arbeidsmiljøloven og opptrer som en seriøs og profesjonell arbeidsgiver www.manpower.no