Barnevernkonsulent / saksbehandlar, vikariat
Vi søker:
1 vikariat i 100 % stilling fram til 31.08.2020
Tilsetting snarast.
Kvalifikasjonar:
Barnevernpedagog/sosionom eller anna relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå.
Det er ønskeleg med erfaring frå saksbehandling i barnevernet.
Gjerne juridiske kvalifikasjonar.
Evner og ferdigheiter i å arbeide med barn, unge og foreldre.
Kunnskap om og ferdigheiter i ulike metodar i barnevernsfagleg arbeid.
God skriftleg framstillingsevne.
God IT-kompetanse.
Arbeidstakar må delta mot kompensasjon med omlag 5 veker heimevakt i året. ( barnevernvakt)
Ein må rekne med forskuving av arbeidstida ved behov.
Stillinga krev at du har førarkort.
Vi har nokre tenestebilar, men det er likevel ønskeleg at den tilsette kan disponere eigen bil.
Hallingdal barnevernteneste nyttar dataprogrammet Familia.
Vi ynskjer oss medarbeidarar som har:
Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og systematisk.
Kapasitet til å tåle stort arbeidspress og høgt tempo.
Gode refleksjonsevner.
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, likar å arbeide i team.
God sosial kompetanse.
Eit bevisst forhold til eige verdigrunnlag og korleis det kan påvirke oss.
Ei positiv haldning og godt humør.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
Fleksibel arbeidstid.
Høve til fagleg utvikling og vekst gjennom fagleg rettleiing og internopplæring.
Eit spennande og dynamisk fagmiljø.
Eit godt arbeidsmiljø.
Løn etter avtaleverk.
Pensjonsordning i KLP.
Politiattest
Stillinga krev politiattest.
Sjå infofilm om Hallingdal barnevernteneste på Ål kommune si heimeside: https://www.aal.kommune.no/skule-og-barnehage/hallingdal-barnevern/
Send søknad
Søknad skal sendast elektronisk via Ål kommune si heimeside.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og tenesteattestar dersom dette ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.
Om bedriften
Hallingdal barnevernteneste er ei interkommunal teneste for kommunane Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nes og Flå. Ål kommune er vertskommune. Barneverntenesta er lokalisert på ÅlHallingdal barnevernteneste er organisert i fire team: Team mottak og undersøkelse, team tiltak, omsorgsteam og familieteam.