Avdelingsdirektør ved kreftbehandling og medisinsk fysikk
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4429757602 Presentasjon av stillingen:
Vil du bli direktør på kreftavdelinga?
- og sentral i utviklinga av kreftbehandlinga på vestlandet
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk på Haukeland Universitetssjukehus er ei avdeling med ansvar for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest. Avdelinga er i stor vekst med aukande aktivitet, eit kostnadsbudsjett på en halv milliard kroner i år og omlag 400 årsverk. Som avdelingsdirektør vil du leie dyktige og engasjerte fagfolk og du evner å sette i verk tiltak og prosessar gjennom godt samarbeid.
Om Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk
Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar, utvikling av nye behandlingstilbod og basalforsking. Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient. Frå 2019 til i dag er det ei auke i aktivitet på 11% i avdelinga. Poliklinisk behandling er i år på 80.000 frammøtte til poliklinisk behandling, innleggingar og kontrollar. Les om avdelinga her
Avdelinga har organisert sin aktivitet gjennom einingane for kontor, legar, poliklinikk, to døgnpostar, stråleterapi og medisinsk fysikk. Det er tre sentra tilknytt avdelinga; Kreftsenter for opplæring og rehabilitering, Kompetansesenter for lindrande behandling og Vardesenteret.
Som avdelingsdirektør ønskjer du å vidareutvikle avdelinga mot framtida og du forstår balansen mellom god klinisk drift, forsking og utvikling.
Det er høg forskingsaktivitet ved avdelinga og fleire forskingsgrupper med nasjonalt gjennomslag. Å skape interesse for forsking er viktig i faget si utvikling og har høg prioritet ved avdelinga. Både medisinsk-, medisinsk fysikk- og sjukepleie forsking har auka forskingsaktivitet dei siste åra. Protonterapi blir etablert ved Haukeland universitetssjukehus som eitt av to anlegg i Noreg. Avdelinga er sentral i planlegging av fleirregional funksjon protonterapi, delt mellom Oslo universitetssjukehus og Haukeland universitetssjukehus. Om protonsenteret i Bergen
Vi søkjer ein avdelingsdirektør som:
- bidrar til vidareutvikling av god drift og organisering av klinikken gjennom godt leiarskap
- ønskjer å være ein god samarbeidspartnar for einingane på sjukehuset, for sjukehusa i regionen og nasjonalt
- bidrar til å oppretthalde og vidareutvikle den høge aktiviteten innan forsking og utdanning ved klinikken
Som direktør vil du rapportere til administrerande direktør og være ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus. Ta gjerne kontakt for ytterlegare informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Sikre rett utvikling av behandling gjennom medisinsk prioritering. Være ein aktiv bidragsytar for å leggje til rette for pasientens helseteneste
- Sikre koordinering av den daglege drifta, god kvalitet og medisinsk prioritering, innanfor tildelte rammar
- Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønskje om kontinuerlig å forbetre tenestene og eigen arbeidskvardag
- Gjennomføre strategi-, verdi- og haldningsarbeid
- Skape effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
- Samarbeide tett med andre einingar på sjukehuset og sjukehusa i regionen samt primærhelsetenesta
- Samhandlar med universitet og høgskular
- Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
- Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
- Medansvar for at føretaket når sine mål
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg, medisinsk-, eller anna relevant høgare utdanning
- Relevant leiarerfaring og leiarutdanning
- God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
- God kunnskap og erfaring innan forbetringsarbeid og -prosessar
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og samarbeid med universitet og høgskular
Personlege eigenskapar
- Handlekraftig, inspirerande og inkluderande
- God kommunikasjons- og relasjonskompetanse
- Heilskapleg og samfunnsmessig forståing
- God økonomi- og organisasjonsforståing
- Strukturert og planmessig i arbeidet
- Robust med evne til å være tydeleg og synleg
- Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
- Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
- Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
- Lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Tove Huse Bjerkevoll, Rådgivar innan leiarrekruttering, 48073834, tove.huse.bjerkevoll@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4429757602
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.