Prosjektleiar Frå haldning til handling
Søknadsfrist: 15 mars 2021 Tokke kommune har ledig 100 % stilling i eitt år som prosjektleiar for prosjektet «Frå haldning til handling». Det er ynskjeleg med oppstart i stillinga så snart som mogeleg.
Tokke kommune skal setje i gang eit prosjektarbeid for å bidra til å forsterke haldningsarbeidet blant born, ungdom, unge vaksne og foreldre innanfor områda bilkøyring i rusa tilstand/høg hastigheit, køyring med snøscooter/båt i rusa tilstand/høg hastigheit, arrangement som ikkje ligg innanfor lovverket, sosiale media (nettvett), og grenser/haldningar.
Arbeidsoppgåver:
- styrke haldningsarbeidet blant innbyggjarane i kommunen
- lage ein prosjektplan med ulike tiltak
- jobbe tverrfagleg, både innad i kommunen og med andre aktørar
- tilskotssøking
Me legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
- formalkunnskap i førebyggjande arbeid, minimum på bachelor-nivå
- erfaring frå tilsvarande arbeid
- personlege eigenskapar i førebyggjande arbeid relatert til fokusområda i prosjektet
- resultatorientert
- relasjonsbyggar
- god kommunikasjonsevne
Me tilbyr:
- fleksitid
- løn etter avtale
- eit godt arbeidsmiljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
For meir informasjon om prosjektet, sjå prosjektskisse her:
Ved spørsmål om stillinga, ta kontakt med fungerande rådmann, Finn Arne Askje, tlf. 95 07 66 37, eller finn.arne.askje@tokke.kommune.no
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Velkomen som søkjar!