Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast Aksdaltunet
Vi søkjer
Sjukepleiar/vernepleiar
Beskrivelse av avdeling
Aksdaltunet aktivitet - og omsorgssenter er ein institusjon med 36 plasser fordelt på 4 avdelingar. Vi har 25 longtidsplasser og 1 kortids/avlastningsplass for personar med demens og 11 longtidsplasser for allmengeriatriske pasientar.
På Aksdaltunet er det ca 90 tilsette med ulik fagkompetanse fordelt på ulike avdelingar som pleie, reinhald, vaskeri og kjøkken.
Krav til kompetanse
Sjukepleiar/vernepleiar
Må kunne jobbe sjølvstendig og i team
Må kunne uttrykke deg godt skriftleg og muntleg
Ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskaper
Du må kunne jobbe sjølvstendig og i team
Ha gode samarbeidsevner
Vere fleksibel og ha godt humør
Personleg skikka for stillinga
Respektfull opptreden og bevisst på eigen verknad på arbeidsmiljøet
Verdsetje andre sin komteanse og dele av din eigen
Vi tilbyr
Fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar i 100%
Turnus dag/kveld med arbeid kvar 3.helg
Godt arbeidsmiljø med fokus på arbeidsnærvær
Anledning til å arbeide sjølvstendig med varierte arbeidsoppgåver
Høve til kompetanseheving
Lønnsvilkår
Etter gjeldande avtale og regelverk
Slik søker du
Tysvær kommune mottar kun elektroniske søknader. Søk via linken oppe til høgre.
Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52757000 dersom du treng hjelp til å søkje.
Kopiar av vitnemål og attestar tar du med deg dersom du skal møte til intervju. Desse blir dessverre ikkje returnerte.
Politiattest skal heller ikkje leggjast ved søknaden din. Godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månader ,må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar tiltrer stillinga. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Om bedriften
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta