Lege i spesialisering, rus- og avhengigheitsmedisin
Org. nr: 833974724 Stillingsident: 4247040884 Presentasjon av stillingen:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig 4 vikariat for lege i spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin. Vikariata er ledige frå snarast og i 1 år.
Haukeland universitetssjukehus, avdeling for rusmedisin er godkjend for heile utdanningsløpet i rusmedisin. Avdelinga har 9 godkjende spesialistar i rusmedisin. LIS går inn i ei rotasjonsordning med teneste ihht. spesialistkrava. Stillinga vil vere godt eigna for fastlegar som treng sjukehusåret til spesialisering i allmennmedisin.
Avdeling for rusmedisin vart frå 01.12.2019 utvida til å omfatte tidlegare Bergensklinikken. Avdelinga tilbyr heile spekteret innan rusbehandling, og er delt inn i fleire seksjonar, m.a. døgnpostane på Askøy, Tertnes, Skuteviken, Martens, Klokkarvik og Manger i tillegg til poliklinisk verksemd fordelt på LAR med ansvar for ca 1000 pasientar, poliklinikk for unge, vaksenpoliklinikk, ambulante tenester og vurderingseining for alle tilvisingar til rusbehandling i Helse Bergen sitt nedslagsfelt.
Avdeling for rusmedisin sine avrusingseiningar er fordelt på Skuteviken og Askøy, poliklinikken er lokalisert til Bergen sentrum og kvar bydel i Bergen for LAR. Dei som vert tilsett vil starte i avrusingseining eller poliklinikk.
Arbeidsoppgåver
- Postarbeid og arbeid ved poliklinikk med utgreiing og behandling av samtidige ulike rus- og avhengigheitslidingar, psykiatrisk og somatisk sjukdom
- Deltaking i ansvarsgrupper med primærhelsetenesta og sosialtenesta
- Mottak, undersøking og behandling av pasientar som blir lagt inn på tvang
- Poliklinisk oppfølging av LAR pasientar
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
- Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
- Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
- God skriftleg dokumentasjonsevne
- Akuttmedisinsk erfaring er ønskjeleg
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer medarbeidarar som ønskjer å jobbe med pasientar med krevjande og komplekse sjukdomstilstandar over tid
- Vi ønskjer legar som kan arbeide sjølvstendig, men som søkjer råd ved behov, og som kan fungere godt i ei tverrfagleg arbeidsform
- Legar i rus- og avhengigheitsmedisin bør ha interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
Vi tilbyr
- Rettleiing av erfarne overlegar
- Variert, utfordrande og lærerik teneste
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Ei god pensjonsordning
- Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
Kontaktinformasjon
Hege Tønnesen, Avdelingsoverlege, 46836501, hege.tonnesen@helse-bergen.no
Ingvild Solli Hegland, Legekoordinator, 98842474
Arbeidsstad
Avdeling for Rusmedisin
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4247040884
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 21.06.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.