Driftsøkonom (førstekonsulent - to stillingar)
Stillingsannonsen er inaktiv.Universitetet i Bergen
Allegaten 41, 5020 Bergen
Jobbnorge ID: 183429
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY
Driftsøkonom (førstekonsulent - to stillingar)
Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig to stillingar som driftsøkonom (førstekonsulent). Den eine stillinga er fast, den andre er eit vikariat fram til september 2021.
Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 1000 tilsette, 3000 studentar og eit budsjett på om lag ein milliard kroner. Forsking og undervisning skjer på institutt og i sentre.
Fakultetsadministrasjonen tel om lag 55 medarbeidarar og er organisert i fire seksjonar.
Økonomiseksjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN-fakultetet) har 25 medarbeidarar som sitter samla i Realfagbygget og er delt inn i tre temagrupper; totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Oppgåva er å levere økonomitenestar og -støtte til fakultetet og alle institutt og sentre knytt til fakultetet.
Vi ynskjer å rekruttere to driftsøkonomar til seksjonen. Driftsøkonomane vil vere knytt til temagruppa generell økonomi. Som driftsøkonom vil du jobbe tett på forsking og utdanning og våre forskarar og undervisarar i eit mangfaldig og internasjonalt miljø.
Eitt av dei viktigaste måla til økonomiseksjonen er å sikre god service og høg kvalitet på økonomitenestene overfor alle brukarane. Vi skal sikre gode og rettidige leveransar til institutt- og fakultetsleiinga og til prosjektleiarane, og bidra med service som kan hjelpe den einskilde med støtte til gode avgjerder og god økonomistyring. Det er eit uttalt mål at vi ynskjer at eininga skal vere rigga for framtidige utfordringar og konkurransesituasjonen MN-fakultetet er i. I dette ligg at det fortløpande må byggjast kompetanse om noverande og potensielle bidragsytarar.
Vi søkjer sjølvstendige, strukturerte og omgjengelege medarbeidarar med god økonomiforståing. Som tilsett vil du få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan økonomifeltet og du rapporterer fagleg til leder driftsøkonomi.
Arbeidsoppgåver
Døme på arbeidsoppgåver som vert definerte under feltet generell økonomi
- Innkjøp og bestilling
- Bilagshandsaming
- Koordinering og rettleiing i Basware økonomisystem
- Reiserekningar
- Andre variabellønsbilag
- Omposteringar (internfakturering og regnskapskorreksjonar)
- Fakturering
- Rådgiving innan løn og rekneskap
- Bidra til forbetring av prosedyrar og beste praksis
- Generell sakshandsaming innan seksjonen sitt ansvarsområde
Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga, og stillinga sitt innhald kan verte endra som følge av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonar
- Søkjarar må ha utdanning innan økonomi fortrinnsvis på masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel er eit krav.
- Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller annan høgare utdanning/forvaltning er ein føremon
- Søkjarar bør ha relevant praksis innanfor stillinga sine ansvarsområde.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
Du må
- ha interesse for tal og ha god økonomiforståing
- ha analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet
- trivast med endring og det å ha mange jarn i elden
- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde
- vere initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
- vere serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- kompetanse- og karriereutvikling. Gode interne kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon.
- løn etter lønssteg 49-58 etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar (kode 1408). Dette utgjer for tida kr 442 300 - kr 513 600. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
- medlemskap i Statens Pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til rådgjevar Tine Charlotte Overå telefon 55 58 31 88 eller e-post tine.overa@uib.no
eller
seksjonssjef Trine Gravdal Lie telefon 55 58 26 80 / e-post trine.lie@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Adresse
Muséplassen 1, 5007 Bergen
Hjemmeside
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Om stillingen
Antall stillinger
2
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 9. mars 2020
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 183429_Universitetet i Bergen_jobbnorge
Stillingsnummer: d76ffdbb-c00f-45dd-9483-4a335d5b895c