Helsesjukepleiar
Stillingsannonsen er inaktiv.Samnanger kommune Samnanger helsetun
Tyssevegen 108, 5650 Tysse
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Me har ledig vikariat som helsesjukepleiar i 55 % - 70 % stilling ved Samnanger helsetun sentralt i Samnanger, 40 minutter kjøring frå Bergen. Stillinga vil væra frå 8. februar 2021 til 3. oktober 2021 med mogliheit for fast stilling. Stillinga er organisatorisk plassert i eining Helse og einingsleiar vert næraste overordna. I eining Helse finn ein legekontor, helsestasjon, jordmor, psykolog og fysioterapi. Stillinga er plassert hovudsakleg i Skulehelsetenesta.
Arbeidsoppgåver:
- Kartlegging og oppfølging av helse, både psykisk og fysisk
- Oppfølging av vaksinasjon og smittevern
- Tverrfagleg samarbeid internt og dei ulike kommunale instansane
- Journalføring og dokumentasjon
- Skulehelseteneste jf. Nasjonale faglige retningslinjer for helsestasjon og skolehelsetjenesten
- Helsestasjon for ungdom
Kvalifikasjonar:
- Offentlig godkjendt helsesjukepleier, sjukepleiar med erfaring
- Oppdatert faglig kunnskap på fagområdet
- IKT kompetanse vil bli vektlagt
- Evne å arbeida målretta og sjølvstendig så vel som i team
- Politiattest må framleggjast
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsrelasjonar og evne til å motivera, systematisk og tydelg, arbeide sjølvstendig, snakke godt norsk og kunne formulere seg godt skriftleg
- Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva helsestasjonen treng
- Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
- Disponera eigen bil
Me tilbyr:
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Norges beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre tilsette skal gjenspeigla befolkninga forøvrig. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Kari Anne Tolås Boge, Tlf: +47 56589105, Mobil +47 48893212, Epost: kari.anne.tolas.boge@samnanger.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Samnanger kommune Samnanger helsetun
Adresse
Tyssevegen 108, 5650 Tysse
Helseeininga består av følgande underavdelingar: kommunal fysioterapiteneste, psykiatritenesta, kommunepsykolog, jordmor, helsesjukepleiartenesta og legekontor. Alle avdelingar er lokaliserte på helsetunet. Kommunepsykologen har også kontor på kommunehuset.
På helsetunet har vi også eit privat fysikalsk institutt med spesialitet innanfor manuell terapi og psykomotorisk fysioterapi.
Helseavdelinga driv eit utstrakt arbeid innanfor kurativt og førebyggjande arbeid både når det gjeld somatisk og psykisk helsearbeid.
Kommunal fysioterapitenesta: 1 stilling.
Psykiatritenesta: 2 stillingar. Psykiatritenesta driv også dagsenter ein dag i veka.
Kommunepsykolog: 1 stilling. Fokus på rådgiving, planarbeid, førebyggande arbeid og individretta kurativt arbeid.
Jordmortenesta: 1 stilling.
Helsesjukepleiartenesta: 2 stillingar. 1 helsesjukepleiar med ansvar for barn under skulealder. 1 helsesjukepleiar med ansvar for skuleborn og Helsestasjon for Ungdom.
Legekontoret er bemanna med 3 helsesekretærar samt 4 fastlegar. Fastlegane har bistilling som sjukeheimslege, helsestasjonslege og kommuneoverlege.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 31. januar 2021
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2625743dep191333_Samnanger kommune Samnanger helsetun_stepstone
Stillingsnummer: d739d110-3186-4083-9101-f97e8ca016f6