Sjukepleiar
Herøy kommune, Herøy omsorgssenter seksjon grøn
Sjukeheimsvegen 5A, 6092 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. desember
Vil du bidra til å fremme tryggleik for personar i omsorgssenter? Vi har ledig ei 100 prosents stilling for sjukepleiar, for tida ved Herøy omsorgssenter, seksjon grøn.
Her jobbar vi med å gi tryggleik og følge opp pasientar i ei somatisk langtidavdeling med 15 plassar. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.
Seksjonen har tilbod om langvakter i turnus laurdag og søndag med arbeid tre av tolv helgar. Stillinga er ledig frå dags dato og fram til august 2025. Vi er i ein prosess der vi planlegg årsturnus.
Ved intern tilsetting kan ein annan stillingsdel bli ledig. Seksjon grøn er ein del av Herøy omsorgssenter på Eggesbønes.
Arbeidsoppgåver
- individtilpassa pleie- og omsorgsoppgåver
- følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
- fagleg ansvar for legemiddelhandtering
- utarbeide og følge opp tiltaksplan
- dokumentasjon etter gjeldande lovverk
- rettleie og samarbeide med anna helsepersonell
- rettleie og samarbeide med pårørande
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
- har norsk autorisasjon som sjukepleiar
- erfaring frå arbeid i sjukeheim kan vere ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy (erfaring med Gerica er ein fordel)
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og politattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utførte på ein god måte
- tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer klart og tydeleg både med brukarar, pårørande og kollegaer
- er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
- kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
- møter brukarar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning også i krevjande situasjonar
- vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og samarbeider godt for å løyse oppgåver
- likar faglege utfordringar der samarbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande
- har fokus på heilskaplig pasientforløp
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar i KLP
- fagdag i turnus
- stipendordningar ved vidareutdanning som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
- elektronsike kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
- IA- bedrift
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Kontaktinformasjon
Ann Helen Nerland Nordbø, Seksjonsleiar, +47 41571466Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5A6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5038731956
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Ann Helen Nerland Nordbø
Seksjonsleiar
+47 41571466
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d6fea33c-4605-4d6d-82d0-e8a7561e57d3
- Sist endret
12. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f09a990cd23142429bacb7b2f1e71465
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon A
Sted
Gurskøy
Arbeidsgiver
Hareid kommune, Skjerma eining
Sted
Hareid
Korttidsseksjonen ,Volda Omsorgssenter har 95 % fast st for sjukepleiar
Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Sted
Volda