Borgund vgs - inntil 600% faste stillingar - Fellesfag
Vi treng fleire lærarar!
-Har du lyst til å undervise på ein av dei største og flottaste vidaregåande skulane i fylket?
-Kan du tenke deg utfordringa med å yrkesrette fellesfag?
-Vil du vere med i eit lærarkollegium som samarbeider tett om å skape gode læringsarenaer?
-Har du høge ambisjonar på vegne av elevane og skulen.
Då er du rett lærar for oss!
Vi ønsker at du:
Vi ønsker at du:
Har undervisningskompetanse i fleire av desse faga: Norsk, norsk for fleirspråklege, engelsk, samfunnskunnskap, naturfag, matematikk og kroppsøving.
Har gode samarbeidsevner og likar å lære i lag med andre.
Trivst saman med ungdom.
Er tålmodig og vennleg.
Har generell god IKT kompetanse.
Har evne til å danne gode relasjonar med elevane.
Vi tilbyr
Eit stabilt, hektisk og spennande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Om bedriften
Borgund vgs. er ein yrkesfagskole med meir enn 1100 elevar og 7 ulike utdanningsprogram. Skolen ligg i Fremmerholen, og har 235 tilsette.