Brannkonstabel, 2 stillinger, Tekniske tenester
Stillingsannonsen er inaktiv.AUKRA KOMMUNE
Tekniske tenester
Om eininga/avdelinga
Aukra brann og redning er basert på deltidstilsett mannskap. Mannskapet går heimevakt fjerde kvar veke.
Vi er stasjonert på Falkhytten og disponerer moderne bilar og utstyr.
Aukra brann og redning samarbeider med Molde brann- og redningsteneste om ei rekke oppgåver, mellom anna feiing,
branntilsyn, overbefal og brannsjef.
Arbeidsoppgåver
Brann- og redningsoppgåver
Assistere AMK/Ambulanse
Brannførebyggjande oppgåver
Krav til søkar
Vere busett på Gossen
Din hovudarbeidsstad må vere på Gossen
Bestått fysisk test før tilsetting
Kunne delta i 4-delt vaktordning
Vere villig til å ta nødvendig utdanning for brannpersonell
Godkjenning frå hovudarbeidsgjevar må leggast fram
Erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy.
Kunne kommunisere godt på norsk.
Søkar som allereie fyller krava til utdanning og som i tillegg har sertifikat klasse C og kompetansebevis for
utrykkingskøyretøy (kode 160) vert prioriterte.
Kvinner oppmodast til å søke.
Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning.
Særskilte krav
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
AUKRA KOMMUNE
Adresse
Falkhytten, 6480 Aukra
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: rådmann, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 11 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 1. mai 2019
Hentet fra: Aukra kommune
Referanse: aukra.ror-ikt.no/recruitment/opening?0?588
Stillingsnummer: d6ae5577-6031-49cb-98bd-71e1b6238c0d