Vågå Kommune søkjer etter Brukarstyrt Personleg Assistent (BPA) til jente. Ønskje om snarleg oppstart.
Vågå Kommune søkjer etter BPA til jente for hjelp til fritidsaktiviteter, aktivisering og andre gjøremål. 6 timar per veke.
Brukarstyrt personleg assistanse er ein alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp for funksjonshemma som har behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen. Til denne konkrete stillinga har foreldre rolla som arbeidsleiar og påtek seg større ansvar for organisering og innhald i forhold til brukarens behov. Innom dei timerammer som kommunens vedtak om praktisk bistand angjev, kan brukaren/arbeidsleiar i prinsippet styre kven ho vil ha som assistent, kva assistenten skal gjøre, kor og til kva for tider hjelpen skal gis.
Målet er å bidra til at brukaren får eit aktivt og meist mogleg uavhengig liv til tross for funksjonshemming. Nokre av brukarens interesser:
- sykle
- gå turar i skogen
- stelle planter
- kafé
- grille ute
- lage halskjeder, perle og liknande
Brukarens assistansebehov:
- Aktivisering og fritidsaktiviteter fyrst og fremst utanfor heimen
Du er :
- aktiv og glad i å finne på ulike aktivitetar
- positiv og tålmodig
- allsidig og fleksibel
- sjølvstendig
- ansvarsfull
- god og tydeleg i kommunikasjon på norsk
- må kunne arbeide etter oppsett arbeidsplan
Førarkort er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Personleg skikkaheit mot brukaren vil bli vektlagt.
Arbeidstid og mengde:
Stillinga er på 6 timar per veke, men kan variere utifrå behov.
Arbeidstida vil fyrst og fremst være i kvardagane. Arbeidsplan blir satt opp i lag med foreldre.
Arbeidsleiar: Foreldre
Arbeidsgjevar: Vågå Kommune
Oppstart: Ønskjeleg med snarleg oppstart
Nærare informasjon blir gjeve av tenesteleiar Kitt Heidi Telebond, kittheidi.telebond@vaga.kommune.no eller 90 70 68 34.
Korleis søkje?
Søknad for stillinga ++skal++ sendast på elektronisk søknadsskjema
Søknadsfrist: 23. Oktober 2020.
Attestar og vitnemål sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no eller som vanleg post til Vågå kommune, Edv. Stormsv 2, 2680 Vågå.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.