Landbruks- og næringsrådgjevar
Ledig stilling som landbruks- og næringsrådgjevar 100%
Kommunen sitt oppdrag innan landbruksforvaltninga er å ta vare på landbruket, miljøet og naturgrunnlaget, og vi skal levere gode tenester og vere ein god samfunnsutviklar. For å gjere dette treng vi dyktige og motiverte medarbeidarar.
Stillinga ligg i næringsavdelinga og er ein del av sektor samfunnsutvikling med om lag 50 tilsette og har eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere knytt til saksbehandling etter jord-, skog- og konsesjonslover.
Arbeidsoppgåver knytt til andre saker innan areal-/ressursforvaltning og næringsutvikling ligg og til stillinga
Forvaltning av diverse tilskotsordningar, bl.a. næringsfond
Delta i arbeid med utforming av overordna planar og strategiar knytt til landbruk, næring og arealforvaltning
Intern og ekstern rådgiving/vegleiing knytt til fagfeltet i avdelinga
Oppgåvene til den som vert tilsett vil variere avhengig av kompetanse, interesser og aktuelle saker
Kvalifikasjonar
Master frå høgskule eller universitet innan fagområde landbruk. Anna relevant fagkompetanse i kombinasjon med praktisk erfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse
Erfaring frå sakshandsaming i offentleg administrasjon er ynskjeleg
Kjennskap til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda
Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon
Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
Ynskje om å delta aktivt i utviklinga av kommunen
Evne til å arbeide systematisk
Gode gjennomføringsevner
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Fleksibilitet og positiv innstilling
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
Varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
Gode moglegheiter for å utvikle kommunen, tenesta og eigen kompetanse
Kvinherad kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
Lønn etter avtale
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Link til søknadsskjema: Send søknad