Barnevernkonsulent
Org. nr: - Stillingsident: 4438326097 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 140 % vikariat som barnevernkonsulent med bakgrunn i ulike permisjonar. Det er ynskjeleg å tilsetje i 100 % så langt som råd. Vikariata har noko ulik varigheit på kring 1-1,5 år frå oppstart med høve til fast tilsetjing.
Vi ser etter deg som har lyst til å samarbeide med barn, unge og deira familiar, for å kunne gjere ein forskjell i livet deira.
Barneverntenesta i Herøy er pr. d.d. organisert etter spesialistmodellen med team på undersøking, tiltak og omsorg, i tillegg til fagleiar og barnevernleiar. Dei ledige stillingane vil i hovudsak være plassert under tiltak, men ein må også pårekne arbeid i dei andre områda. Barnevern er ein av seksjonane i avdeling barn, familie og helse (BFH), saman med helsestasjon, NAV, legetenesta, psykisk helse og rus, og rehabilitering (ergo/fysio). Avdelinga har to psykologar, der ein av dei har ansvar for barn og unge. Seksjonen er også ein del av tverrfagleg team for barn og unge. Tenestene er i stadig utvikling, m.a. med bakgrunn i barnevernreforma.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter lov om barnevern
- Arbeide i team med undersøkings- tiltaks-og omsorgssaker
- Råd og rettleiing til føresette og familiar og samarbeidspartar
- Tverrfagleg samarbeid i og utanfor kommunen
Stillinga kan innebere ein del reiseverksemd og ubekvem arbeidstid.
Kvalifikasjonar
- 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning ( barnevernpedagog/sosionom)
- Eventuelt relevant vidareutdanning eller kompetanse i rettleiing
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid i førstelinetenesta, barnevern
- Må disponere eigen bil
Godkjent politiattest må leggjast framfor tilsetjing.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
Personlege eigenskapar
- Er strukturert og systematisk
- Er god på munnleg og skriftleg kommunikasjon
- Har gode samarbeidsevner, og bidreg til godt arbeidsmiljø
- Er sjølvstendig, engasjert og fleksibel
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver i eit levande miljø
- Individuell rettleiing internt i tenesta
- Fagleg utvikling
- Ein arbeidsgjevar som er oppteken av trivsel på arbeidsplassen
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad.
Kontaktinformasjon
Trude Flusund, Leiar, 48892988
Arbeidssted
Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Herøy kommune
Referansenr.:4438326097
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.10.2021
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 650 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!