Vil du styra rein, fornybar kraftproduksjon og vidareutvikla våre system?
I SKL produserer me rein, berekraftig og fornybar kraft og er med og legg grunnlaget for eit grønt og moderne samfunn. No kan du vere med og bidra til best mogleg nytting av Noregs unike vasskraftproduksjon, når me utvidar med ny stilling som driftsingeniør. Stillinga inngår i vaktordning og handsamar den løpande drifta av alle kraftanlegga våre. Dette inneber produksjonsstyring og overvaking av anlegga i samsvar med produksjonsplan.
Me ønsker at du også er ein teknisk ressurs på systemet vårt for overvaking og datainnsamling (SCADA), både ved igangsetting, testing, drift og vedlikehald av kraftverka. Det blir mogleg for deg å bidra med å utvikle digitaliseringsløysningane våre knytt til prognoseverktøy og prosess.
Som driftsingeniør i SKL blir du ein del av avdelinga for krafthandel og driftssentral som tel 11 personar. Du får ei brei stilling som både er operasjonell og tar del i den vidare utviklinga av krafthandelen. Arbeidskvardagen er i stor grad prega av sjølvstendig arbeid, i kontinuerleg samarbeid med krafthandlarar og teknisk drift.
SKL er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Noreg. Me ser framover og utviklar selskapet gjennom oppkjøp, utbygging og utvikling av eksisterande vasskraftanlegg SKL er også involvert i grøn hydrogenproduksjon og havvindprosjekt gjennom dotterselskap.
Din kompetanse:
Dine personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
Nyfiken? Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med vår rekrutteringsrådgjevar i Human, Magnus Ånestad på 992 67 888.
Eller med Leiar Krafthandel og Driftssentral, Liv Kjersti Skartland, på mob. 97 72 61 38.

- Relevant ingeniør- eller fagingeniørutdanning, til dømes elkraft, elektro eller automasjon.
- Gjerne relevant erfaring med kraftanlegg eller driftskontrollsystem, men nyutdanna er også velkommen til å søka
- Systemerfaring med SCADA er ein fordel
- Erfaring frå eller interesse for programmering
- Erfaring frå bransjen er ein fordel, men ikkje eit krav
- Beherskar både norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
Dine personlege eigenskapar:
- Du arbeider strukturert og trivst med sjølvstendig arbeid
- Du kan handtera løpande utfordringar og ha stort ansvar
- Du har kommersiell forståing og interesse
- Du er initiativrik, lærevillig og har teknisk forståing
Vi tilbyr:
- Eit godt, fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling både innad i selskapet med tilknytta verksemder, og moglegheit for kompetanseheving
- Vaktordning i eit solid og trygt selskap
- Gode personal- og velferdsordningar
Nyfiken? Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med vår rekrutteringsrådgjevar i Human, Magnus Ånestad på 992 67 888.
Eller med Leiar Krafthandel og Driftssentral, Liv Kjersti Skartland, på mob. 97 72 61 38.
Om bedriften
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Noreg og eig i kraftverk som produserer omlag 2.700 GWh (150 000 husstandar) i Vestland og Rogaland fylke. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL deltek også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon. Hovudkontoret er på Stord med einingar i Matre og Etne.