Pedagogisk leiar/barnehagelærar
Då ein av våre dyktige medarbeidarar skal ut i nye utfordringar, søkjer me hennar etterfølgjar. Du er ein engasjert barnehagelærar som ynskjer å utgjera ein forskjell for barn. Du er god på kommunikasjon med store og små, kan jobba i team og sjølvstendig. Du er god på leiing, er løysingsorientert og ser verdien av humor i kvardagen. Du er ikkje redd for å ta i eit tak, og ser verdien av å bli glad i naturen og bruka den aktivt.
Friluftsliv er hovudområdet vårt og du må ha interesse for dette. Me brukar og Språkløyper aktivt, og forventar at du engasjerer deg i dette utviklingsarbeidet.
Me tilbyr ein travel og kjekk kvardag med glade barn, engasjerte foreldre, gode kollegaer og ordna arbeidsforhold.
Krav til kompetanse
- barnehagelærarutdanning
- interesse for, og noko kunnskap om gard og friluftsliv
- kunnskap om, og interesse for leiing
Ønsket kompetanse
- kunnskap om gard og friluftsliv
- sertifikat
- livredding i vatn
Personlige egenskaper
- tar ansvar og leiar andre
- løysingsorientert
- god på kommunikasjon
Om bedriften
Osterøy Gårds og Friluftsbarnehage har 38 barn og ligg på Vevle, midt mellom Lonevåg, Valestrand og Haus. Me har nokre sauer, høner og kaninar, samt at me sår og haustar litt poteter og grønsaker. Me har og nokre bærbusker og frukttre. Me er mykje ute i skog og mark, uansett vær. Friluftsliv og språk er satsingsområde.